Tetjana Teresjtsjuk-Antipova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tetjana Teresjtsjuk-Antipova
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 11. oktober 1969 (54 år)
Luhansk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

3. klasse av Fyrstinne Olgas orden

Tetjana Teresjtsjuk-Antipova (fødd 11. oktober 1969) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Luhansk som i vel eitt tiår på 1990-2000-talet var mellom dei beste kvinnelege langhekk-løparane i verda. Ho vann EM-sølv i 400 meter hekk i 1998 og sidan bronsemedaljen i øvinga både under OL 2004 og EM 2006.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Teresjtsjuk tok seg til finalen i 400 meter hekk ved europameisterskapen 1994. På olympiastadion i Helsinki sprang ho inn til ein sjetteplass, året etter vart ho nummer fem ved verdsmeisterskapen i Göteborg. I den neste verdsmeisterskapen, i Aten i 1997, kleiv ho ytterlegare ein plass opp på resultatlista etter å ha gjort personbeste på 53,81 sekundar.

Under EM 1998 i Budapest lukkast ho som Teresjtsuk-Antipova vinne sølvmedaljen, 0,7 sekund bakom den suverene vinnaren frå Romania, Ionela Târlea. Sidan vart ho nummer sju i VM 1999, og nummer fem i både OL 2000 og VM 2003. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten var Teresjtsjuk-Antipova i sitt livs form. Ho sette i semifinalen personleg rekord med 53,37 sekundar, i finalen klarte ho 53,44 og fekk bronsemedaljen, seks hundredels sekund attom Târlea, gullet tok greske Fani Khalkia. Teresjtsjuk-Antipova avslutta medaljesankinga med bronse også i EM 2006 i Göteborg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]