Tettemjølk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blad av tettegras

Tettemjølk eller tjukkmjølk er ei nordeuropeisk form for kulturmjølk. Tette er ei litt seig, tjukk og syrleg mjølk med mykje kolsyre. Han skal ikkje vere så seig at han kan dragast i lange trådar; då er tetten vanstelt.

Opphavleg skal tettemjølk ha vore framstilt ved at nysilt mjølk vart slått over blad av tettegrasplanten (Pinguicula vulgaris), og sett natta over på ein lun stad for syrning og koagulering. Lett skumma mjølk vart òg bruka. Det er mjølkesyrebakteriar på tettegrasblada som bidrar til at mjølka syrnar og koagulerer. Tettegrasplanten er ein liten kjøttetande plante som veks i myrområde på kysten og i fjellet mange stader i Noreg.

Tettekulturane vart haldne i live ved å tilsetje litt av tettemjølka til råmjølk. Når ein vil framstille ny tettemjølk av god tettekultur, kan ein smøre ei skei tette på botnen av eit fat eller ei krukke før ein har i nysila mjølk. Mjølka får stå i ro til ho er høveleg sur. Slik mjølk kan halde seg frisk lenge.

Det var berre ved spesielle høve at kulturen vart framstilt av tettegras. Det vanlegaste var å bruke eigen kultur eller låne tettekultur hos naboen og så over tid dyrke framatt si spesielle tjukkmjølk med rette konsistens, surleik og smak. Ein kan gøyme tettekulturen i lang tid ved å late litt tettemjølk tørka inn på ein kvist eller på ein fletta halmring.

Økologisk tjukkmjølk frå Røros[endre | endre wikiteksten]

Økologisk Tjukkmjølk frå Røros er eit syrna mjølkeprodukt som skal vere framstilt av økologisk produsert mjølk tilsett tradisjonell tettekultur. Mjølka skal vere produsert i nærområdet til Rørosmeieriet, og kan merkast som beskytta geografisk nemning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]