Ål i Hallingdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Ål)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ål.
Ål
Sundre
tettstad
Ål sett frå Sundreberget
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Ål
Areal 2,65 km²
Folketal 2 580  (2023)
Folketettleik 974 / km²
Postnummer 3570 Ål
Innbyggjarnamn åling
Preposisjon Ål
Kart
Ål i Hallingdal
60°37′42″N 8°33′31″E / 60.628333333333°N 8.5586111111111°E / 60.628333333333; 8.5586111111111
Wikimedia Commons: Ål (village)

Ål er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ål kommune i Buskerud. Tettstaden ligg midt i Hallingdalen, ved den austlege enden av Strandafjorden, og har 2 580 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1]

Størstedelen av tettstaden ligg på nordsida av Hallingdalselve, og heiter Sundre. Dei små forstadene rundt er Hago, Vestlia og Granhagen. Riksveg 7 går gjennom Ål på nordsida av elva og på sørsida ligg Ål stasjon, som er stoppestad for Bergensbanen.

Ål er eit handels- og skulesentrum, og har kulturhus, Ål kulturhus med Hallingrosa, ei utstilling av rosemålingskunst, og ei større permanent Rolf Nesch-utstilling. Her er også sjukestove med base for Norsk Luftambulanse.[2] Avisa Hallingdølen kjem ut på Ål tre dagar i veka.

Sundre var den førande garden i Ål i mange år, og vart sentrum av di både Ål kyrkje, Ål stavkyrkje, og tingstugu vart lagt i dette området. Når lokalkjende hallingar i dag snakkar om Ål sentrum, nyttar dei framleis omgrepet «på Sundre». Folk utanfor dalen brukar gjerne nemninga «på Ål» i same tyding. Sundre er rekna til om lag rett ovanfor Ål kyrkje.

Folkemengd[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling på Ål
År Innbyggjarar
1920
  
385
1930
  
559
1946
  
842
1950
  
920
1960
  
956
1970
  
1 345
1980
  
1 928
1990
  
2 079
2000
  
2 226
2009
  
2 270
2012
  
2 367
Kjelder:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ål». Store norske leksikon. 13. juli 2017. Henta 15. april 2018. 
  2. «Ål – tettstedet». Store norske leksikon. 14. januar 2016. Henta 7. september 2016.