Bø i Telemark
| Bø | |||
| tettstad | |||
Breisås studentbustader i Bø i Telemark. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Telemark | ||
| Kommune | Midt-Telemark | ||
| Areal | 3,51 km² | ||
| Folketal | 3 819 (2024) | ||
| Folketettleik | 1 088 / km² | ||
| Postnummer | 3800 BØ I TELEMARK | ||
| Innbyggjarnamn | bøhering | ||
| Preposisjon | i Bø | ||
![]() Bø 59°24′47″N 9°04′10″E / 59.413°N 9.06930556°E | |||
| Wikimedia Commons: Bø, Midt-Telemark | |||
Bø eller Bøbyen er ein tettstad og kommunesenteret i Midt-Telemark kommune i Telemark fylke.
Tettstaden har 2 483 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg om lag 7,5 kilometer nordvest for tettstaden Gvarv og om lag 14 kilometer søraust for sørenden av Seljordsvatn. Busetnadene i Lia, Myrane og Sisjord går også inn i tettstaden Bø.
Bø har vakse fram som stasjonsby ved Sørlandsbanen. Jarnbanestrekninga (Oslo-)Nordagutu-Bø opna 1924, medan strekninga fram til Kristiansand vart ferdig først i 1938. Ved etableringa av Telemark distriktshøgskole i 1974 (frå 1994 ei avdeling av Høgskolen i Telemark) blei Bø òg ein skulestad. Konsert- og studenthuset Kroa i Bø og den årlege folkemusikkfestivalen Telemarkfestivalen har også gjort Bø til eit kultursentrum.
Massemedium
[endre | endre wikiteksten]- Lokalavisa Bø Blad
- Lokalradiostasjonen Radio Midt-Telemark
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]| Folketalsutvikling i Bø | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1946 | 316 | |||
| 1950 | 659 | |||
| 1960 | 836 | |||
| 1970 | 1 542 | |||
| 1980 | 2 018 | |||
| 1990 | 2 158 | |||
| 2000 | 2 277 | |||
| 2009 | 2 749 | |||
| 2012 | 2 982 | |||
| Kjelder: SSB: Norske folketeljingar | ||||
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Bø – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.
