Grong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Grong)
Hopp til navigering Hopp til søk
Grong
Mediå
tettstad
Nov lys på Mediå.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Grong
Areal 1,11 km²
Folketal 1 105 (2017)
Folketettleik 995 / km²
Postnummer 7870 Grong
Wikimedia Commons: Grong (village)

Grong er ein tettstad og administrasjonssenteret i Grong kommune i Trøndelag fylke. Tettstaden ligg ved der elvane Namsen og Sanddøla flyt saman og har 1 105 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Busetnaden i Grong ligg i hovudsakleg rundt Mediå, der mellom anna kommunehuset, barne- og ungdomsskolen, vidaregåande skole og Namdals folkehøgskole held til. Jernbanestasjonen og Grong kyrkje ligg i bygningsmassen litt lenger sør, aust for Tømmeråshola i Sanddøla. E6 passerer Grong på vest- og nordsida, medan fylkesveg 391 og fylkesveg 392 tar av frå E6 og går inn til tettstaden.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grong - tettsted». Store norske leksikon. 1. april 2016. Henta 28. mai 2017.