Hattfjelldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Hattfjelldal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hattfjelldal
tettstad
Hattfjelldal 2012.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Hattfjelldal
Areal 0,69 km²
Folketal 568 (2017)
Folketettleik 823 / km²
Postnummer 8690 HATTFJELLDAL
Innbyggjarnamn hattfjelldaling

Hattfjelldal er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hattfjelldal kommune i Nordland fylke. Tettstaden ligg der elva Vefsna tar opp Elsvasselva, som renn frå Elsvatnet, og dreier mot vest. Han er den einaste tettstaden i kommunen og har 568 innbyggjarar per 1. januar 2017.

I Hattfjelldal ligg hovudkontor og det viktigaste produksjonsanlegget for Arbor-Trading A/S, som var grunnlagt i 1957 og er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen. På tettstaden ligg også ein sørsamisk internatskole og det sørsamiske kultursenteret Sijti Jarnge. I sentrum står Hattfjelldal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1868.[1]

Hovudvegsambandet gjennom Hattfjelldal er riksveg 73, som går frå E6 ved Trofors i Grane kommune via Hattfjelldal tettstad over riksgrensa til E12 ved Västansjö like vest for Tärnaby i Sverige.

Frå tettstaden følgjer fylkesveg 804 Susendalen om lag 23 kilometer sørover til Ivarrud. Herfrå går fylkesveg til Susendalskroken og kommunal veg vidare til Harrvassdal.[2] Like sør for Hattfjelldal tettstad ligg ein liten flyplass, Hattfjelldal flyplass.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Hattfjelldal - tettstedet». Store norske leksikon. 27. mars 2016. Henta 28. mai 2017. 
  2. «Hattfjelldal». Store norske leksikon. 7. april 2016. Henta 28. mai 2017.