Haugesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Haugesund)
Haugesund
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Haugesund
Areal 21,42 km²
Folketal 46 359  (2023)
Folketettleik 2 164 / km²
Innbyggjarnamn haugesundar
Preposisjon i Haugesund
Kart
Haugesund
59°24′59″N 5°16′12″E / 59.41638889°N 5.27°E / 59.41638889; 5.27
Wikimedia Commons: Haugesund

Haugesund er ein by og administrasjonssenter i Haugesund kommune i Rogaland fylke med 46 359 innbyggjarar per 1. januar 2023. I tillegg til bygningsmassen innan kommunegrensene også busetnaden på begge sidene av Karmsundet i Karmøy kommune. På fastlandet heng denne saman med bygningsmassen i Haugesund.

Under dei siste 20 åra har staden fått ein styrkt posisjon som handelssenter for Haugalandet og dei sørlege delane av Hordaland. Det ligg fleire relativt store kjøpesenter i utkantane av byen. Byen fylte 150 år i 2004. Sjølv om han er nokså ung, finst mange historiske merke her, som Haraldsstøtta over staden ein trur kong Harald I Hårfagre ligg gravlagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Haugesund_-_tettsted» i Store norske leksikon, snl.no. «Haugesund – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Haugesund
Spire Denne Rogalandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.