Kristiansand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Kristiansand)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristiansand
stad
none Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen.
Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Kommune Kristiansand
Areal 24,91 km²
Folketal 61 536 (2017)
Folketettleik 2 470 / km²
Innbyggjarnamn kristiansandar
Preposisjon i Kristiansand

Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Vest-Agder med 61 536 innbyggjarar per 1. januar 2017. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Vest-Agder fylkeskommune.

Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.

I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.

I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagt av og kalla opp etter den dansk-norske kongen Christian IV i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.

Den siste store bybrannen skjedde i 1892 og mange trehus brann ned. Denne delen av byen vart reist opp att i mur. Den eldste delen av byen er kalla Kvadraturen og har hatt same dei gatelinjene fram til i dag.

Busetnaden som har vakse ut over bykjernen består i hovudsak av bustadområde. Vest for sentrum er Tinnheia og Hellemyr, og i aust er områda Gimlekollen, Lund, Kongsgård, Randesund og Tveit. I sørvest er bydelane Flekkerøy, Vågsbygd og Slettheia.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kristiansand er eit regionalt knutepunkt for transport og kommunikasjon, med samband både innan- og utanlands. Byen er norsk ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 gjennom Setesdal. Byen har jernbanesamband til Stavanger og Oslo via Sørlandsbanen. Kristiansand Havn er ei av Noregs største hamner og har hurtigbåt- og ferjesamband til Hirtshals. Kristiansand lufthamn, Kjevik ligg 16 kilometer nordaust for byen og har direkte samband med Oslo, Stavanger, Bergen, København, London, Aberdeen og Amsterdam.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

I Norden[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]