Kviteseid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Kviteseid)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kviteseid
tettstad
Kviteseid IMG 2567 kviteseid kommune kviteseidgt 13.JPG
Statens hus i Kviteseid, som huser kommuneadministrasjon og domstol
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Kviteseid
Areal 1,31 km²
Folketal 780 (2017)
Folketettleik 595 / km²
Postnummer 3850 KVITESEID
Innbyggjarnamn kvitseiding
Preposisjon i Kviteseid
Wikimedia Commons: Kviteseidbyen

Kviteseid, også kalla Kviteseidbyen, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kviteseid kommune i Telemark fylke. Somme av dei regionale funksjonane i Vest-Telemark er plassert i Kviteseid, for eksempel Vest-Telemark tingrett.

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • I 1723 flytta sorenskrivaren i Vest-Telemark frå Lårdal til Kviteseid, og den dag i dag er her tingstad.
  • I 1871 blei Kviteseid bryggje (før kalla Kyrkjebøbryggja) utbygd for dampskipstrafikken som hadde starta på Vestvatna i 1852. Brygga vart ytterlegare utvida i 1894 og 1912.
  • I 1892 vart Bandak-Norsjøkanalen opna og trafikken. Det blei starten for eit snøgt oppveksande byliknande lite samfunn, som på folkemunne blei kalla Hyttebyen fordi husa var små og tettliggande.
  • I 1911 brann heile byen ned. Før han blei gjenreist blei staden regulert med breie gater, slik att husa ikkje skulle stå så tett som tidlegare, og dermed minke brannfaren.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Kviteseidbyen i 1921
Folketalsutvikling i Kviteseid
År Innbyggjarar
1890
  
124
1900
  
140
1910
  
116
1920
  
132
1930
  
169
1946
  
196
1950
  
139
1960
  
160
1970
  
339
1980
  
930
1990
  
786
2000
  
646
2009
  
696
2012
  
689
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]