Fossbergom
Utsjånad
(Omdirigert frå Tettstaden Lom)
| Fossbergom | |||
| tettstad | |||
Lom stavkyrkje frå 1200 vart på 1600-talet utvida til krosskyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet | ||
| Kommune | Lom | ||
| Areal | 1,47 km² | ||
| Folketal | 839 (2024) | ||
| Folketettleik | 571 / km² | ||
| Postnummer | 2686 LOM | ||
![]() Fossbergom 61°50′00″N 8°34′00″E / 61.83333333°N 8.56666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Fossbergom | |||
Fossbergom, også omtala som tettstaden Lom, administrasjonssenteret i Lom kommune i Oppland i Innlandet fylke. Namnet «Fossbergom» kjem av Prestfossen, ein foss i Bøvra som renn ut i Otta rett ved Fossbergom. Her finn ein Lom stavkyrkje frå om lag 1200, Norsk Fjellmuseum, Lom bygdamuseum og Fossheim Steinsenter. Det er også noko trevare- og møbelindustri, vidaregåande skule og fleire turistføretak.
I 2008 vart Fossbergom peika ut som nasjonalparklandsby av Miljøverndepartementet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Fakta om Lom som nasjonalparklandsby». Lom kommune. Henta 6. september 2010.
