Hopp til innhald

Tettstader i Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tettstader i Agder gjev eit oversyn over tettstader i Agder fylke. Statistisk sentralbyrå sin definisjon på ein tettstad er ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.

Per 2023 var det 53 tettstader i fylket.[1] Fylket hadde ei total folkemengd på 316 051 personar per 1. januar 2023. Totalt var 252 839 personar registrert på ein tettstad, dermed budde 20 % av folkesetnaden utanfor ein tettstad. Ca. 50 % av folkesetnaden budde i ein av dei fem største tettstadene i 2023.

Bykle i Bykle kommune var ute av lista i 2021 og 2022, men er tilbake igjen i 2023. Døme på stader som tidlegare var lista som tettstader, men som er ute av lista per 2024 inkluderer Ausvika i Kristiansand kommune, Byremo i Lyngdal kommune og Ubergsmoen i Vegårshei kommune.

Tre kommunar har ingen stader som oppfyller Statistisk sentralbyrå sin definisjon på tettstad, dette er Iveland, Valle og Åseral kommune.

Tettstadene i Agder etter folketal

[endre | endre wikiteksten]
Frå hamna i Farsund
Frå hamna i Flekkefjord
Frå Kristiansand
Foto: Tomasz Sienicki
Liknes sentrum
Foto: Terje Viken
Hamna i Mandal
Foto: Philip Gabrielsen
Frå Høllen
Utsikt over Arendal sentrum.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Storgata i Grimstad.
Frå Risør.
Åmfoss bru i Åmli sentrum.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Byglandsfjord
Frå Tvedestrand
Tettstadnr Tettstad Folketal Areal km² Kommunar Status[2]
4002 Kristiansand 67 372 25,12 Kristiansand kommune By
3511 Arendal 45 332 31,78 Arendal kommune, Grimstad kommune By
4009 Korsvik 19 589 8,03 Kristiansand kommune
3523 Grimstad 14 734 10,7 Grimstad kommune By
4042 Vennesla 13 968 7,39 Vennesla kommune, Kristiansand kommune
4011 Mandal 11 477 7,03 Lindesnes kommune By
4061 Søgne 11 187 6,44 Kristiansand kommune
3571 Lillesand 8 394 5,19 Lillesand kommune By
4031 Flekkefjord 6 231 3,6 Flekkefjord kommune By
4091 Lyngdal 5 602 4,77 Lyngdal kommune By
4055 Nodeland-Brennåsen 4 696 3,53 Kristiansand kommune
3501 Risør 4 622 3,07 Risør kommune By
4001 Skålevik 3 707 2,18 Kristiansand kommune
4021 Farsund 3 500 3,05 Farsund kommune By
3551 Blakstad 3 394 2,78 Froland kommune
3581 Birkeland 3 050 2,08 Birkenes kommune
3603 Evje 2 826 3,65 Evje og Hornnes kommune
3531 Tvedestrand 2 872 2,27 Tvedestrand kommune By
4102 Liknes 2 649 2,13 Kvinesdal kommune
4022 Vanse 2 057 1,95 Farsund kommune
4082 Vigeland 1 715 1,18 Lindesnes kommune
4007 Tveit 1 605 1,15 Kristiansand kommune
4023 Vestbygda 1 143 0,93 Farsund kommune
4111 Tonstad 899 1,27 Sirdal kommune
3661 Myra 956 1,06 Vegårshei kommune
3561 Rykene 803 0,82 Arendal kommune, Grimstad kommune
4081 Høllen 712 0,81 Lindesnes kommune
3524 Jortveit 695 0,63 Grimstad kommune
3591 Åmli 704 0,84 Åmli kommune
3541 Kilsund 662 1,02 Arendal kommune
3652 Eikeland 683 0,88 Gjerstad kommune
4013 Sånum 669 0,47 Lindesnes kommune
4012 Krossen 617 0,48 Lindesnes kommune
4041 Skarpengland 580 0,41 Vennesla kommune
4032 Sira 581 0,65 Flekkefjord kommune
4052 Volleberg 580 0,3 Kristiansand kommune
4101 Feda 446 0,53 Kvinesdal kommune
4043 Slettebrotane 435 0,26 Vennesla kommune
3641 Hovden 443 0,65 Bykle kommune
4083 Svennevik 379 0,35 Lindesnes kommune
4071 Øyslebø 361 0,39 Lindesnes kommune
4044 Hægeland 356 0,38 Vennesla kommune
3572 Høvåg 343 0,32 Lillesand kommune
3612 Byglandsfjord 358 0,47 Bygland kommune
4093 Svenevik 323 0,3 Lyngdal kommune
3651 Gjerstad 293 0,4 Gjerstad kommune
4092 Skomrak 292 0,18 Lyngdal kommune
3532 Nesgrenda 272 0,29 Tvedestrand kommune
4103 Øye 271 0,85 Kvinesdal kommune
3512 Longum 262 0,19 Arendal kommune
3642 Bykle 234 0,47 Bykle kommune
4121 Skeie 237 0,36 Hægebostad kommune
4015 Farestad 222 0,2 Lindesnes kommune

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. SSB, Folkemengde og areal i tettsteder 1. januar, 2023. Tabell 1
  2. Bystatus i Noreg har ingen offisiell funksjon, sjå artikkelen Byar i Noreg.