Hopp til innhald

Tettstader i Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tettstader i Finnmark gjev eit oversyn over tettstader i Finnmark fylke. Statistisk sentralbyrå sin definisjon på ein tettstad er ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.

Per 2024 var det 30 tettstader i fylket.[1] Av dei kallar desse seg by: Alta, Hammerfest, Honningsvåg, Kirkenes, Vadsø og Vardø.

Fylket hadde ei total folkemengd på 74 112 personar per 1. januar 2023. Totalt var 57 883 personar registrert på ein tettstad, dermed budde 78 % av folkesetnaden i ein tettstad, medan landsgjennomsnittet er ca. 83 %. Ca. 38,5 % av folkesetnaden budde i ein av dei tre største tettstadene i 2024. I Båtsfjord kommune budde berre åtte personar utanfor tettstaden, det vil seie heile 99,6% av innbyggjarane i kommunen er registrert på ein tettstad, noko som truleg er det høgste talet for nokon kommune i Noreg. Berre ein av Finnmarkskommunane har ingen tettstader, det gjeld Nesseby.

Tettstadane i Finnmark etter folketal

[endre | endre wikiteksten]
Frå Alta sentrum
Berlevåg
Båtsfjord
Havøysund i februar
Honningsvåg
Karasjok
Frå hamna i Kirkenes
Frå Mehamn
Rypefjord
Frå Vardø
TettstadnrTettstadFolketalAreal km²KommunarStatus[2]
8542Alta16 2699,81Alta kommuneBy
8501Hammerfest7 9953,02Hammerfest kommuneBy
8521Vadsø4 8673,43Vadsø kommuneBy
8684Kirkenes3 5352,29Sør-Varanger kommuneBy
8683Bjørnevatn2 5741,99Sør-Varanger kommune
8602Honningsvåg2 2551,04Nordkapp kommuneBy
8611Lakselv2 2502,36Porsanger kommune
8671Båtsfjord2 1061,44Båtsfjord kommune
8571Rypefjord1 7861,43Hammerfest kommune
8621Karasjok1 8042,24Karasjok kommune
8511Vardø1 7701,2Vardø kommuneBy
8682Hesseng1 6471,16Sør-Varanger kommune
8531Kautokeino1 4812,59Kautokeino kommune
8592Havøysund9170,63Måsøy kommune
8651Berlevåg8580,7Berlevåg kommune
8631Kjøllefjord8400,45Lebesby kommune
8661Tana Bru7461,21Tana kommune
8641Mehamn7250,59Gamvik kommune
8551Øksfjord4900,34Loppa kommune
8522Vestre Jakobselv4800,77Vadsø kommune
8544Tverrelvdalen4640,37Alta kommune
8543Rafsbotn4620,37Alta kommune
8545Amtmannsnes4130,24Alta kommune
8603Nordvågen4000,2Nordkapp kommune
8563Hasvik3550,53Hasvik kommune
8562Breivikbotn3150,33Hasvik kommune
8541Talvik3060,37Alta kommune
8686Skytterhusfjellet3050,24Sør-Varanger kommune
8581Kvalsund3150,31Hammerfest kommune
8642Gamvik2120,24Gamvik kommune

Tettstadane i Finnmark etter kommune

[endre | endre wikiteksten]

Talet i parentes etter tettstadnamnet er innbyggjartalet.

Alta

Berlevåg

Båtsfjord

Gamvik

Hammerfest

Hasvik

Karasjok

Kautokeino

Lebesby

Loppa

Måsøy

Nesseby
Det er ingen stader som kjem inn
under SSB sitt tettstadomgrep i Nesseby.

Nordkapp

Porsanger

Sør-Varanger

Tana

Vadsø

Vardø

Tidlegare tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Desse har tidlegare vore definerte som tettstad av SSB, men er det ikkje lenger no. Nokre stader ligg på grensa med rundt 200 innbyggjarar og går ut og inn av lista, til dømes er Talvik i Alta kommune og Kvalsund i Hammerfest inne som tettstad i 2023.[3]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. SSB-1, Tabell 1 Tettsteder, 12. desember 2023 (arkivert)
  2. Bystatus i Noreg har ingen offisiell funksjon, sjå artikkelen Byar i Noreg.
  3. SSB-2, Tabell 1 Tettsteder, 12. desember 2023 (Statistikkbanken)
  4. 1 2 3 4 5 6 SSB-3, Vassenden 1987
  5. SSB-4, Arkiv (tettstad-statistikk 1999-2020)