Hopp til innhald

Tettstader i Rogaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skudeneshavn er ein tettstad

Det er 68 tettstader i Rogaland fylke (2023). Av dei kallar desse ti seg by: Stavanger, Sandnes, Haugesund, Bryne, Kopervik, Egersund, Åkrehamn, Jørpeland, Sauda og Skudeneshavn.

Ca. 89 % av dei som bur i Rogaland bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %. 67 % av folkesetnaden budde i ein av dei seksten største tettstadene i 2023.

Utsira kommune med ei folkemengd på 217 har ingen tettstader, alle andre kommunar i fylket har minst ein tettstad. Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for meir informasjon om tettstadomgrepet.

Tettstadene i Rogaland etter folketal

[endre | endre wikiteksten]

Røysland i Bjerkreim kommune er ein ny tettstad frå 2023.

TettstadnrTettstadFolketalAreal km²KommunarStatus[1]
4522Stavanger/Sandnes239 05580,2Stavanger kommune, Sandnes kommune, Sola kommune,
Randaberg kommune
To byar
4532Haugesund47 02021,42Haugesund kommune, Karmøy kommuneBy
4591Bryne13 3125,66Time kommune, Klepp kommuneBy
4601Ålgård/Figgjo12 0035,17Gjesdal kommune, Sandnes kommune
4706Kopervik11 8607,73Karmøy kommuneBy
4501Egersund11 7887,09Eigersund kommuneBy
4585Kleppe/Verdalen9 9223,34Klepp kommune
4702Åkrehamn8 0994,37Karmøy kommuneBy
4592Kvernaland7 9594,54Klepp kommune, Time kommune, Sandnes kommune
4631Jørpeland7 7144,18Strand kommuneBy
4571Nærbø7 6323,14Hå kommune
4514Hommersåk6 7642,23Sandnes kommune
4661Sauda4 1904,07Sauda kommuneBy
4691Førre4 0632,61Tysvær kommune
4632Tau3 5122,3Strand kommune
4572Varhaug3 3871,52Hå kommune
4705Skudeneshavn3 3482,55Karmøy kommuneBy
4708Avaldsnes2 8663,17Karmøy kommune
4541Hauge i Dalane2 4001,8Sokndal kommune
4594Lyefjell2 3570,94Time kommune
4573Vigrestad2 1491,2Hå kommune
4551Moi2 0081,68Lund kommune
4698Skre1 6181,03Karmøy kommune, Tysvær kommune
5021Ølen1 3761,11Vindafjord kommune
4651Sand1 2181,04Suldal kommune
4561Vikeså1 0400,95Bjerkreim kommune
4602Oltedal1 0130,58Gjesdal kommune
4615Stenebyen9970,41Sola kommune
4741Vikevåg9840,61Stavanger kommune
4697Grinde9570,6Tysvær kommune
4512Vatne9240,54Sandnes kommune
4731Skjold9621,03Vindafjord kommune
4614Hålandsmarka9060,17Sola kommune
4671Judaberg9210,8Stavanger kommune
4502Hellvik8890,73Eigersund kommune
4577Hæen8560,47Hå kommune
4583Pollestad8180,47Klepp kommune
4515Sviland7530,31Sandnes kommune
4692Aksdal7950,43Tysvær kommune
4575Sirevåg7530,63Hå kommune
4763Ferkingstad7190,79Karmøy kommune
4742Østhusvik6910,41Stavanger kommune
4732Sandeid7120,63Vindafjord kommune
4524Vassøy6290,32Stavanger kommune
4743Askje6300,26Stavanger kommune
4617Kolnes5781,01Sola kommune
4593Undheim6110,41Time kommune
4641Hjelmelandsvågen6140,69Hjelmeland kommune
4771Forsand5300,82Sandnes kommune
4562Røysland5290,4Bjerkreim kommune
4733Vikedal4990,76Vindafjord kommune
5022Ølensvåg4790,41Vindafjord kommune
4574Brusand4480,19Hå kommune
4516Høle4250,36Sandnes kommune
4523Krossberg4060,12Stavanger kommune
4578Nærland3280,16Hå kommune
4681Ydstebøhamn3980,39Kvitsøy kommune
4603Gilja3850,31Gjesdal kommune
4576Ogna4280,26Hå kommune
4618Malmheim3620,23Sandnes kommune
4703Sandve3270,39Karmøy kommune
4694Østenstad3070,33Tysvær kommune
4745Vestre Åmøy3120,21Stavanger kommune
4696Slåttevik2910,21Tysvær kommune
4781Bokn5010,32Bokn kommune
4695Padlene3040,17Tysvær kommune
4693Nedstrand2560,38Tysvær kommune
4699Høie2350,13Tysvær kommune

Døme på stader som tidlegare var lista som tettstader, men som er ute av lista per 2024 inkluderer Helle i Sandnes, Fister i Hjelmeland kommune, Vorå i Karmøy kommune og øya Bru i Stavanger.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Bystatus i Noreg har ingen offisiell funksjon, sjå artikkelen Byar i Noreg.