Hopp til innhald

Tettstader i Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er 35 tettstader i Telemark fylke (2023). Av dei kallar Porsgrunn, Skien, Notodden, Kragerø og Rjukan seg by.

Ca. 78 % av dei som bur i Telemark bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %.[1] 65 % av folkesetnaden budde i ein av dei fire største tettstadene i 2023.

Hjartdal kommune har ingen tettstad, dei seksten andre kommunane i Telemark fylke har alle minst ein tettstad. Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for meir informasjon om tettstadomgrepet.

Frå Porsgrunn, ein del av tettstaden Porsgrunn/Skien.

Tettstadane i Telemark etter folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]
Frå Langesund, ein del av tettstaden Porsgrunn/Skien.
Foto: Marius Kallhardt
Stathelle, som er ein del av tettstaden Porsgrunn/Skien, sett frå Brevikbrua.
Frå Brevik. Brevik er ein del av tettstaden Porsgrunn/Skien.
Bratsberggata i Skien, ein del av tettstaden Porsgrunn/Skien.
Frå Notodden
Foto: Gunnar Grimnes
Kragerø
Rjukan i Vestfjorddalen.
Langangen sett frå fly

Jønnevald i Skien kommune er ein ny tettstad frå 2023.[2]

TettstadnrTettstadFolketalAreal km²KommunarStatus[3]
3005Porsgrunn/Skien96 69554,05Skien kommune, Porsgrunn kommune, Bamble kommuneTo byar
3021Notodden9 2927,34Notodden kommuneBy
3054Kragerø5 4673,34Kragerø kommuneBy
30813 8193,51Midt-Telemark kommune
3102Rjukan3 0052,6Tinn kommuneBy
3072Ulefoss2 4882,29Nome kommune
3071Bjervamoen1 5661,59Nome kommune
3055Vadfoss/Helle1 5311,23Kragerø kommune
3111Seljord1 4872,28Seljord kommune
3061Preststranda1 3541,59Drangedal kommune
3041Herre1 2551,68Bamble kommune
3093Gvarv1 1011,31Midt-Telemark kommune
3051Kil1 0160,88Kragerø kommune
3031Siljan1 0390,66Siljan kommune
3122Kviteseid8151,36Kviteseid kommune
3161Åmot7221,11Vinje kommune, Tokke kommune
3151Dalen5600,77Tokke kommune
3162Krossen5530,87Vinje kommune
3131Tveitsund5551,01Nissedal kommune
3001Langangen4480,43Porsgrunn kommune
3083Folkestad4030,68Midt-Telemark kommune
3101Tinn Austbygd3930,49Tinn kommune
3084Nordbøåsane3870,28Midt-Telemark kommune
3141Fyresdal3750,63Fyresdal kommune
3092Nordagutu3090,37Midt-Telemark kommune
3103Miland3210,33Tinn kommune
3022Yli2900,24Notodden kommune
3062Neslandsvatn2970,33Drangedal kommune
3091Hjukse2990,35Notodden kommune
3032Snurråsen2610,15Siljan kommune
3004Sandøya2610,31Porsgrunn kommune
3014Sneltvedt2590,19Skien kommune
3044Botten2550,34Bamble kommune
3033Øverbø2460,23Siljan kommune
3006Jønnevall00,14Skien kommune

Tidlegare tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Desse stadene har tidlegare vore definerte som tettstader, men er det ikkje lenger no:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. SSB, Folkemengde og areal, etter kommune. 2023
  2. 1 2 SSB, Tabell 14216
  3. Bystatus i Noreg har ingen offisiell funksjon, sjå artikkelen Byar i Noreg.
  4. SSB, Tettsteders befolkning og areal - portal til tettstad-statistikk 1999-2020
  5. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 Vassenden, 1987