Texa

Koordinatar: 55°37′N 6°08′W / 55.61°N 6.14°W / 55.61; -6.14
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Texa
Geografi
Texa is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 55°37′N 6°08′W / 55.61°N 6.14°W / 55.61; -6.14
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 0,48 km²

Høgaste punkt Ceann Garbh (48 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Texa er ei lita øy 700 meter sør for Islay i Indre Hebridane i Skottland. Det høgaste punktet er Ceann Garbh på 48 meter over havet. Øya høyrer til soknet Kildalton på Islay. Destilleria Laphroaig og Lagavulin ligg like i nærleiken på Islay, samt Port Ellen. Øya er ikkje lenger busett, men har ein del villgeit og oter.

Ceann Garbh, toppen av øya

Øya har si eiga ferskvasskjelde ved Tobar Moireig. Berggrunnen består hovudsakleg av skifer og noko hornblende.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Texa har forsøksvis vorte identifisert som Oidecha Insula som St. Adomnan skreiv om. Opphavet til namnet er omstridd - det kan anten kome av det gammalirske tech (hus – taigh på moderne skotsk-gælisk) eller Oideachd/Oideachas, eit ord for presteseminar.

Adomnan nemner at St. Cainneach (Kenneth) stoppa på Oidecha Insula under reisa si mellom Iona og Irland. Det vert sagt at Kenneth la att bispestaven sin på Iona på denne reisa. St. Columba velsigna han, kasta han ut på sjøen slik at staven dreiv i land på Oidecha der Kenneth fann han att.

Om Texa er Oidecha Insula eller ikkje, var øya, som så mange andre rundt den skotske kysten, nytta som ein religiøs busetnad og det finst restar av eit kapell tileigna Jomfru Maria, som framleis er synleg. Dette vart truleg bygd på same stad som eit eldre kapell seint på 1300-talet av Raghnall/Reginald av Islay, som til Iain/John. Dette vert minna i dag med namnet Bàgh na h-Eaglais (Kyrkjebukta) og Tobar Moireig (Mariabrønnen), som ligg like ved ankerplassen. Det er òg mange grotter på øya som eremittane kunne bu i.

Skaftet til ein kross stod aust for kapelelt, til minne om Raghnall. Det står no i eit museum i Edinburgh.

Atlaset til Blaeu frå 1654 med Ylen Teghza nær toppen av bilete. Kartet er orientert med vest øvst.

På 1200-talet ankra den norske flåten til Somerled opp nær Texa. Islay var eit av sentra for den norrøne kulturen på Hebridane.

I 1625 rapporterte fader Cornelius Ward, ein fransiskansk misjonær, at det budde 29 menneske på øya og at dei fleste av dei var romersk-katolske. Dei seks som ikkje var katolske omvende han. Det budde folk på øya fram til 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]