Hopp til innhald

Texmex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typiske texmex-rettar
Ein variant av taco i skjel som er typisk for texmex-mat.

Texmex, sett saman av orda Texas og Mexico, er matkultur frå Sørvest-USA med tilknyting til meksikansk mat. Matkulturen spreidde seg frå dei amerikanske grensestatane i sør, særleg Texas, til resten av USA. Ttexmex er mellom anna kjenneteikna av ein søt smaken som ikkje finst i typisk meksikansk mat. Matkulturen har sidan spreidd seg til resten av verda, særleg Europa. Sverige er det landet i Europa der ein et mest texmex-mat.[1]

Texas var ein del av Mexico frå 1600-talet til 1836, og har heile tida hatt ein spansktalande folkesetnad med opphav i Mexico. Meksikansk mat blandar element frå prekolumbianske og spanske mattradisjonar. Dette kulturelle samhøyret er blitt styrka gjennom den massive innvandringa frå Mexico dei siste tiåra. Dermed er det meksikanske kjøkkenet det nest eldste i Texas, etter maten tilreidd av dei ulike urfolka i Texas. I store delar av det 1900-talet var det berre små skilnadar mellom tex-mex og mattradisjonane i Nord-Mexico. På grunn av innvandring av europeiske engelsktalarar frå byrjinga av 1800-talet og den politiske skilnaden frå Mexico utvikla kjøkkenet i Texas seg likevel annleis. Blant særdraga er kjærleiken for ost og frityrsteikt mat.

Ordet tex-mex var eigentleg ei forkorting for jernbanen mellom Texas og Mexico, Texas-Mexican Railway, som opna i 1875.[2] I 1920-åra blei ordet òg nytta om meksikanskætta folk fødde i Texas. I togtabellar trykte i avisene på 1800-talet blei namna på dei ulike jernbanane forkorta. «Missouri Pacific» blei forkorta til «Mo.Pac.» og «Texas-Mexican» til «Tex. Mex.» I 1920-åra blei den forkorta og samantrekte nemninga «Tex-Mex» nytta i amerikanske aviser både som referanse til jernbanen, og for å skildra menneske av meksikansk opphav fødd i Texas.[3] Matskribenten Diana Kennedy definerte i 1972 skilnaden mellom mattradisjonen i Texas og det meksikanske kjøkkenet í boka The Cuisines of Mexico. I 1973 blei om grepet tex-mex for fyrste gong nytta om mat i den engelskspråklege avisa The Mexico City News. Omgrepet «tex-mex» er altså av relativt ny dato.

Kjapp tex-mex

[endre | endre wikiteksten]

Eit anna særtrekk med tex-mex-kjøkkenet er at det er blitt tatt i bruk av den omfattande amerikanske snøggmatindustrien. Kjedar som Taco Bell lager gjerne sine industrialiserte utgåver av tradisjonelle rettar, og desse er ofte temmeleg ulike tradisjonell mat frå Texas. Ein må altså skilja mellom snøggmat-variantane og tradisjonell texmex-mat slik han blir laga av tejanos, spansktalande texanarar.

Spesialitetar

[endre | endre wikiteksten]

Texmex-mat har mange av dei same grunningrediensane som mat frå Mexico, som maistortilla, kveitetorilla, bønner, chili, koriander osb. Rettar som gjerne blir oppfatta som typisk texmex er opphavleg meksikanske. Nokre døme er gryteretten chili con carne og nachos. Nachos blir sagt å ha blitt funne opp i 1943, då eit kjøkken gjekk tomt for råvarer, og kelnaren Ignacio (forkorta Nacho) improviserte måltid med cheddar og totopos, som i dag er kjende som nacho-chips. Hadre tacoskjel, som er ukjende i Mexico, blir brukt i stor mengd i texmex-kjøkkenet. Burrito, fajita og chimichanga er òg retter ein finn innan texmex, men som òg er opphavlege meksikanske rettar.

  1. Dagens Nyheter: Från Texas till fredagsmys i Sverige
  2. Martinez, Etienne: Mexicans in the U.S.A: Mexican-American / Tex-Mex Cousine
  3. Mexia Evening News (Mexia, Texas), 23. mai 1922: «...til den nye byen Marindo på TEX-MEX-jernbanen, hvor oljen blir lastet...»; Newark Advocate (Newark, Ohio), 19. september 1928: «Spørsmål: Hva er TEX-MEX? Texas-født meksikanere.» Sitater, oversatt av Wikipedia, fra Newspaperarchive.com (krever abonnement)