Hopp til innhald

Teya Dora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teya Dora

Fødd1. mai 1992 (33 år)
FødestadBor i Serbia
FødenamnTeodora Pavlovska
Mal:Lang-sr
OpphavSerbia
Verka somsongar, komponist

Teodora Pavlovska[a] (fødd 1. mai 1992 i Bor), kjend profesjonelt som Teya Dora[b], er ein serbisk songar, låtskrivar og produsent.[1] Ho debuterte som artist i 2018 og blei populær med 2023-singelen «Džanum», som gjekk internasjonalt viralt på TikTok.

Teya Dora representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö, Sverige, med songen «Ramonda», og enda på 17. plass.

Pavlovska blei fødd 1. mai 1992 i Bor i den dåverande føderale republikken Jugoslavia. Faren hennar var målar og grafisk designar. Mora hennar er forfattar og journalist i Večernje novosti, med fagfelt innanfor valaker-magi og kultur.[2][3] Etter å ha flytta til Beograd byrja Pavlovska å gå på musikkskule, der ho fekk eit stipend for å studere ved Berklee College of Music i Boston i USA.[4] På opptaksprøva song ho «No One» av Alicia Keys.[5] Medan ho gjekk på Berklee, gjekk ho på same førelesingar som Charlie Puth.[6] Ho blei uteksaminert frå college i 2014, og ved avslutningsseremonien mottok ho vitnemålet frå Jimmy Page.[5] Etter endt utdanning budde Pavlovska i New York by, der ho jobba som låtskrivar.[4]

Etter å ha flytta tilbake til Serbia i 2018, byrja Pavlovska fyrst å samarbeide med songaren Nikolija, ved å skrive singelen «Nema limita». Pavlovska fortsette å skrive songar for andre serbiske artistar, som blant andre Nataša Bekvalac og Anastasija Ražnatović. Under artistnamnet Teya Dora gav hun i 2019 ut debutsingelen sin «Da na meni je», gjeven ut hos merket Bassivity Digital.[7] Artistnamnet hennar stammer frå det faktum at medan ho studerte ved Berklee, visste ikkje amerikanarane korleis dei skulle uttale namnet hennar; «Teya Dora» var det nærmaste dei kunne kome til å uttale Teodora.[8]

Etter å ha gjeve ut fleire andre singlar fikk Teya Dora i 2023 auka popularitet med songen «Džanum», spela inn for TV-serien Južni vetar: Na granici.[9] Songen gjekk internasjonalt viral på TikTok, og genererte internett-memet «Moye moye». «Džanum» blei spesielt brukt på TikTok under protestane etter skuleskytinga i Beograd i 2023.[4] Den offisielle musikkvideoen til songen har fått over 75 millionar avspelingar på YouTube og over hundre millionar avspelingar på Spotify. Vidare nådde singelen ein fjerdeplass på Spotifys Daily Viral Songs Global-lista den 22. mai, og Teya Dora blei den tredje serbiske artisten som har over ein million månadlege lyttarar på strøymetenesta. Dei to andre, Konstrakta og Luke Black, oppnådde det same under deira deltaking i Eurovision Song Contest.[4][10] «Džanum» kom også inn på topp ti på Billboards Croatia Songs-lista.[11]

I desember 2023 blei Teya Dora kunngjord som ein av deltakarane i Pesma za Evroviziju '24, den serbiske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Ramonda».[12] Etter å ha kvalifisert seg frå den andre semifinalen, vann ho til slutt konkurransen laurdag 2. mars 2024, ved å vinne juryavrøystinga og å bli nummer to i telefonavrøystinga, og fekk dimed retten til å representere Serbia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö, Sverige.[13] Teya Dora kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024, der ho blei nummer 10 av 15, med 47 poeng. I finalen laurdag 11. mai 2024 blei ho nummer 17 av 25, med 54 poeng.[14][15]

  1. serbisk kyrillisk: Теодора Павловска
  2. serbisk kyrillisk: Теја Дора – Teja Dora
  1. «Ko je Teja Dora – naša predstavnica na "Pesmi Evrovizije"», Radio Television of Serbia (på serbisk), 3. mars 2024, arkivert frå originalen 4. mars 2024, henta 4. mars 2024 
  2. Netović, Andrea (4. mars 2024), «Smrtni slučaj u porodici ju je zauvek obeležio: Ovo su otac i majka Teye Dore, popularniji su od nje (FOTO)», Story.rs (på serbisk), arkivert frå originalen 13. mars 2024, henta 7. mars 2024 
  3. Denda, Nina (5. mars 2024), «(VIDEO) Majka pobednice Beovizije za "Blic" otkrila nepoznate detalje privatnog života: "Dala sam otkaz da bih je školovala"», Blic (på serbisk), arkivert frå originalen 9. mars 2024, henta 7. mars 2024 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Dašić, Miloš (3. mars 2024), «Ko je Teya Dora, predstavnica Srbije za Evroviziju 2024, pevačica čiju pesmu već zna ceo svet», Danas (på serbisk), arkivert frå originalen 5. mars 2024, henta 3. mars 2024 
  5. 5,0 5,1 Teya Dora – O pobedi na PZE2024YouTube
  6. «Teya Dora prešla svaku granicu! Završila "Berkli", napravila hitove mnogim srpskim zvezdama, a "Džanum" joj donela milione», 24sedam.rs, 26. juli 2023, arkivert frå originalen 28. juni 2023, henta 19. juni 2023 
  7. «Teya Dora: O muzici, školovanju na Berklee College of Music i inspiracijama», Wannabe Magazine, 23. juli 2019, arkivert frå originalen 5. juni 2023, henta 5. juni 2023 
  8. «Novo Jutro – Dea I Sarapa – Teodora Pavlovska – Teya Dora – 26.08.2019.», YouTube, 26. august 2019 
  9. Kundačin, Aleksandra (25. mars 2023), «Teya Dora otkriva sve o novoj pesmi i spotu za seriju Južni vetar: Na granici», Journal.rs, arkivert frå originalen 6. juni 2023, henta 5. juni 2023 
  10. «Samo tri domaća izvođača su prešli broj od milion slušanja na Spotifaju», City Magazine, 6. juni 2023, arkivert frå originalen 16. januar 2024, henta 3. mars 2024 
  11. «Billboard Hrvatska: Jala i Buba "skinuti s trona" nakon pet uzastopnih tjedana», Muzika.hr, 11. april 2023, arkivert frå originalen 17. april 2023, henta 23. juni 2023 
  12. «Pesma za Evroviziju 2024 – 28 pesama se bori za kartu za Malme», Radio-televizija Srbije (på serbisk), 21. desember 2023, arkivert frå originalen 3. mars 2024, henta 3. mars 2024 
  13. «Srbiju će na Eurosongu predstavljati Teja Dora», Radio Television of Serbia (på serbisk), 2. mars 2024, arkivert frå originalen 2. mars 2024, henta 3. mars 2024 
  14. Holdiness, Timothy. «Eurovision 2024 Semi-Final One Qualifiers». ESCXTRA. Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 14. mai 2024. 
  15. Sturtridge, Isaac. «Revealed: The Eurovision 2024 semi-final and final jury/televote detailed voting results». ESCXTRA. Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 14. mai 2024.