Thälmannbataljonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Thälmannbataljonen var ein del av dei Internasjonale Brigadane i Den spanske borgarkrigen. Avdelinga var kalla opp etter den fengsla tyske kommunistleiaren Ernst Thälmann, som til slutt vart myrda i ein nazistisk konsentrasjonsleir i august 1944. Bataljonen omfatta tyskarar, austerrikarar, sveitsarar og skandinavar. Dei kjempa mellom anna i forsvaret av Madrid. Blant kommandantane i bataljonen var den tyske skribenten og historikaren Ludwig Renn og den tidlegare offiseren Hans Kahle.

Dei tyskspråklege bataljonane var blant dei første gruppene og vart blant dei største av dei som vart forma i dei Internasjonale Brigadane, slik dei voks ut frå Thälmann-centuriaen tidleg i krigen. I Tyskland og Austerrike hadde fascismen alt vunne fram, og dette gav striden deira eit særleg alvor. Robert G. Colodny skriv:

«The history of the Germans in Spain... ...is the history of strong men who proved and overproved their courage and endurance, their resistance to pessimism and despair. It is the story of men who died or were broken physically in doing this. They brought to the International Brigades an offensive spirit, a bitter desperate courage at rare intervals in war priceless, essential, but always costly. They set an early example of what shock troops could be like. They tried to do the impossible, and paid for it. And during the early days in Aragon, in the futile fighting around Huesca, at Tardienta, the Germans, in countless bayonet charges against fortified positions, took their objectives, buried their dead, and waited with a caged restlessness for the next day's orders.»

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Thälmann Batallion, som lesen 31. januar 2009.