Théâtre du Vieux-Colombier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Théâtre du Vieux-Colombier

Théâtre du Vieux-Colombier er eit teater i nr. 21 i gata rue du Vieux-Colombier i 6. arrondissement i Paris i Frankrike. Det vert nytta som ein av spelestadene for teateret la Comédie-Française.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Teateret vart skipa i oktober 1913 av den framståande kulturpersonen og teatermannen Jacques Copeau (1979-1949) i lokala etter Athénée-Saint-Germain. Han namngav teateret etter namnet på gata for at publikum lettare skulle finne fram til det. Som modell for emblemet åt teateret nytta han eit motiv med to duer på ei golvhelle frå kyrkja San Miniato i Firenze (gatenamnet rue du Vieux-Colombier tydar «gata med det gamle dueslaget», ein bygning for tamme duer).

I 1924 overtok teater- og filmregissøren Jean Tedesco leiinga av teateret, og frå 1935 til 1943 teater- og fimregissøren René Rocher. Under den andre verdskrigen kjøpte advokaten og forretningsmannen Paul Annet Badel (1900-1985) teateret og opna i 1949 jazzklubben Le Vieux Colombier der mellom andre namngjetne jazzfolk som Sidney Bechet, Claude Luter, André Réwéliotty og Moustache (François-Alexandre Galepides) har vore i aksjon. Frå 1960 til 1970 var teateret leia av Bernard Jenny, som var den fyrste til å iscenesetje Paul Claudels triologi L'otage, Le pain dur og Le père humilié. Etter ei stutt tid med Marthe Mercadier som leiar frå desember 1970 til oktober 1971, så det i 1975 ut til å vere kome til slutten for teateret. Men takka vere reaksjonar frå skodespelarane vart teateret berga. Frå 4. januar 1978 har teateret vore verna som monuments historiques, det vart kjøpt av den franske staten i 1986, og før la Comédie-Française overtok, har det i 1987-1988 vore nytta som atelier for den franske kunstmålaren Didier Paquignon.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Marie-Françoise Christout, Noëlle Guibert, Danièle Pauly, Théâtre du Vieux Colombier, 1913-1993, éditions Norma, Paris 1993. ISBN 9782909283074

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]