Thailand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
[endre]
ราชอาณาจักรไทย
Ratcha Anachak Thai

(norsk: Thailand, thailandsk)

Det thailandske flagget Det thailandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Phleng Chat»
Geografisk plassering av Thailand
Offisielle språk Thai
Hovudstad Bangkok
Styresett
Monarki
Vajiralongkorn (Rama X)
Prayut Chan-o-cha
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
513 120 km² (50.)
0,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
68 414 135 (20.)
133,3 /km² (65.)
Etablert
1238
Nasjonaldag 5. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 107 000 mill. USD (20.)
16 700 USD (77.)
Valuta Baht
Tidssone UTC +7
Telefonkode +66
Toppnivådomene .th


Thailand er eit kongedøme i Søraust-Asia. Landet ligg ved austsida av Thailandbukta og grensar til Malaysia, Myanmar (Burma), Laos og Kambodsja.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Thailand, eller Muang Thai/Prathet Thai som det heiter på thai, vart tidlegare kalla Siam. Båe namna Muang Thai og Prathet Thai tyder «landet til dei frie». Det tidlegare namnet Siam kom truleg frå folkegruppa shan, og blei brukt fram til 1949. Thailand vert ofte òg kalla Smilets land, ettersom folka der har ord på seg for å vera smilande og vennlege.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det noverande kongedømet blei til i 1767, men har røter i det eldre riket Sukhothai, grunnlagd i 1238, og det seinare storriket Ayutthaya. Trass i stadig press frå europeiske makter frå 1500-talet blei Siam aldri erobra og kolonisert, som det einaste landet i området. Landet utførte likevel mange reformer på 1800-talet, og var særleg ope for britiske handelsinteresser, slik at fleire historikarar har kalla det «ein uformell del» av det britiske imperiet.

Det konstitusjonelle monarkiet blei til i 1932 etter ein fredeleg revolusjon. I 1992 brukte kong Bhumibol Adulyadej innflytinga si til å stoppa samanstøyt mellom hæren og demonstrantar.

Thammasat-universitetet blei studentar angripne og drepne av opprørspoliti som blei hjeltne av paramilitære styrker og såkalla «landsbyspeidarar» (Village Scouts) den 6. oktober 1976.[1]

Politikk og statsapparatet[endre | endre wikiteksten]

Kongen har lita makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette.

Å kritisere medlem av kongefamilien, kan rammast av loven om majestetsfornærming i Thailand.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste industriane i landet er gummi, fiske, tømmer, naturgass og turisme.

Mellom 1985 og 1995 hadde landet den største vekstraten i verda, med eit årleg snitt på nesten 9%. Dette fekk ein brå slutt i 1997, då intenst valutaspekulering med den thailandske bahten førte til at kursen kollapsa og landet gjekk inn i ei økonomisk krise saman med heile Søraustasia.

På den andre sida førte den låge baht-verdien til ein auke i turismen.

Korrupsjon[endre | endre wikiteksten]

På lista til Transparency International - Corruption Perception Index - er landet (per 2018) rangert på 96. plass. Det har dermed 95 land framfor seg på lista som vert rekna som mindre korrupte.[2]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Buddhistisk munk ved andehus.

Størstedelen av det thailandske folket er etniske thaiar eller laotar; dei siste bur hovudsakle i den nordaustre Isan-regionen der dei utgjer rundt ein tredjedel av folketalet. Det bur òg ei stor gruppe utflytte kinesarar i landet, som har spela ein stor rolle i økonomien til landet. Andre folkegrupper er malayar i sør, monar, khmerar og ei rekke ulike urfolk.

Hovudreligionen er theravada-buddhisme (95 %), med ein liten del kristne, hinduar og andre religionar, og ei gruppe muslimar sør i landet. Mange av desse ønskjer sjølvstende eller å slutta seg til det muslimske nabolandet Malaysia, noko som har ført til uro i områda dei bur i.

Gjennomsnittsfamilien har gjeld på 137.988 baht, tyder ei undersøking frå 2018, skreiv Bangkok Post.[3]

Geografi og administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over fylka. (For å finne et navn på kartet, kan ein søke med hjelp av (søk) i tekstbehandlar eller browser-programvare.)
Kart over Thailand
Fylke i Thailand

Thailand er administrativt delt inn i 76 provinsar eller fylke (changwat). Provinsane vert delt inn i fem grupperingar. Kvar provins er delt inn i mindre distrikt, eller kommunar. Thai-namnet er amphoe. I år 2000 var det 795 slike amphoe-distrikt, 81 under-distrikt (konge amphoe) og 50 distrikt i Bangkok (khet).

Namnet på kvar provinshovudstad (mueang) er i daglegtale, lik namnet på fylket. (Eit unnatak finst i Phayao-fylket.)

Nord

Aust

Sør

Nordaust

Sentral- Thailand

Klima[endre | endre wikiteksten]

Med fjellområde både i aust og i vest unngår Thailand dei store nedbørsmengdene monsunen kan føre med seg. Det er likevel fuktig her, men òg solrikt, særleg om vinteren som har lite regn. Sjølv på sommaren er det relativt lite regn, men fjellområda kan få regn- og torevêr litt oftare.

Dei høgareliggande områda i nord kan bli ganske kjølige om sommaren, og temperaturen går ofte ned mot 15 °C, og av og til heilt ned mot 5 °C. Bangkok og deltaområdet i nærleiken har varme ettermiddagar året rundt, men kveldane er litt mindre fuktig om vinteren. Mars og april er ofte svært varme, før monsunen set inn. Bangkok har ein årleg nedbørsnormal på 1397 mm.

Kraeidet i sør har om lag dei same temperaturane året rundt med regn på austkysten om vinteren og på vestkysten om sommaren. Mai til oktober er den våtaste tida på året i denne delen av Thailand, med kraftigast regn på slutten av sommaren. Thailand vert sjeldan råka av tyfonar, men kan stundom merke restane av gamle system, som kan gje litt vind og auka nedbør.

Utfordringer med folkehelsa[endre | endre wikiteksten]

Også i Thailand finst det høve av bikkjer med hundegalskap (eller rabies) har biten folk; Tre personar daua av smitte, i [januar og febrbruar] 2018, og myndighetane kalla (per mars 2018), 10 fylke på riksgrensa - og tre andre - "raude soner for rabies".[4]

Kriminalitet[endre | endre wikiteksten]

Prostitusjon er eit lovbrot (i 2018).[5]

Eit estimat på at 300.000 prostituerte, fins, skreiv media om i 2018; [6] (Eit estimatet for 2014, frå UNAIDS, seier at det var fleire enn 123.530 sex-arbeidarar, og 40% er under 18 år, og talet på guttar er vesentleg, skreiv Bangkok Post.)[5]

Ikkje alle dei prostituerte, er ofre for trafficking.[6]

Når det gjeld trafficking av barn for seksuelle føremål, så er nasjonen ei kjelde, eit transitt-land, òg eit reisemål. [5]

Talet på slavearbeidarar, var omlag 425.500 i følgje Walk Free Foundation og deira 2016 Global Slavery Index.[5]

Høgtidsdagar og seremoniar[endre | endre wikiteksten]

Nabolanda[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.bangkokpost.com/news/general/1418242/controversial-ex-tough-cop-salang-dies-in-mall-plunge "Arguably his most-remembered moment of Salang's career came on Oct 6, 1976. As a police lieutenant-colonel, he led the anti-riot police to attack and kill students at Thammasat University, along with paramilitary forces and so-called Village Scouts. The bloody government attack on Thais ended the three-year democratic revolution of Oct 14, 1973.
  2. «Small comfort in new graft rank», Bangkok Post (Post Publishing PCL), 22. februar 2018, https://www.bangkokpost.com/news/politics/1415954/small-comfort-in-new-graft-rank 
  3. https://www.bangkokpost.com/news/politics/1453321/worker-debt-hits-high Vitja 2018-0-27
  4. https://www.bangkokpost.com/news/general/1422947/13-provinces-are-rabies-red-zones#cxrecs_s "Cheerasak Pipatpongsopon, deputy director-general of the Department of Livestock Development, said Monday the 13 provinces were Surin, Chon Buri, Sumut Prakan, Chachoengsao, Nan, Buri Ram, [Ubon Ratchathani] Ubon Ratchathaini, Chiang Rai, Rot Et, Songkhla, Rayong, Tak and Sri Sa Ket."
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 https://www.bangkokpost.com/news/general/1484469/in-tourist-spots-a-hidden-world-of-male-sex-slavery#cxrecs_s . Vitja 2018-06-14
  6. 6,0 6,1 https://www.bangkokpost.com/news/general/1478225/sex-stings-breach-womens-rights . Vitja 2018-06-04
  7. https://www.bangkokpost.com/photo/photo/1465126/rice-farming-season-begins

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thailand