Thalassarche impavida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thalassarche impavida

Status i verda: VU Sårbar

Thalassarche impavidaFoto: JJ Harrison
Thalassarche impavida
Foto: JJ Harrison
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: T. impavida
Vitskapleg namn
Thalassarche impavida
Mathews, 1912

Thalassarche impavida er det vitskaplege namnet på albatrossar som høyrer til ein populasjon med hekking på Campbelløyane, meir enn 600 kilometer sør for Stewart Island, New Zealand.[1] Det engelske artsnamnet er Campbell albatross eller Campbell mollymawk, han har ikkje fått tilordna normert namn på norsk. Det er strid om rangeringa av dette taksonet og om verdien av datagrunnlaget som ligg til grunn for avgjersla om å rangere taksonet som ein art hos Den internasjonale ornitologsamskipnaden.[2] Derfor er T. impavida framleis av somme som Clementslista ('eBird/Clements checklist') og HBW, rekna som ein underart av svartbrynalbatross, Thalassarche melanophris, altso at dette berre er ein variant av arten svartbrynalbatross.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Desse fuglane kan skiljast frå svartbrynalbatross, eller nominatforma, med litt mørkare underside av vengen og ved at T. impavida har gul iris, noko som svartbrynalbatross manglar.[3] Utsjånaden er elles som for svartbrynalbatross, og desse albatrossane skil seg igjen frå andre i Thalassarche-slekta med ein lang mørk flekk rundt auget, ei mykje brei, mørk rand langs kanten av undervengen, og hos ungfuglar er heile undervengen mørk og nebbet grå-svart. T. impavida veg i området 2,2 til 3,8 kg, har vengespenn på 210-246 cm[3] og er ca. 88 cm i kroppslengd.[1]

Hekkeområdet for Thalassarche impavida er utelukkande den nordlege og vestlege kysten av Campbelløya og holmen Jeanette Marie rett utanfor.[1] Utanom hekking, spreier desse albatrossane over det sørvestlege Stillehavet, Tasmanhavet og Rosshavet, mellom 24 og 48 °S.[3]

IUCN klassifiserer denne arten som sårbar på grunn av avgrensa hekkelokalitet. Det siste anslaget var i 1997 og talde 24 600 par, og populasjonen er trudd å vere aukande. Det største trugsmålet mot denne populasjonen er fiskeri, både linefisket og trålarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International (2014) Species factsheet: Thalassarche impavida. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juni 2014
  2. Carboneras, C., Jutglar, F. & Kirwan, G.M. (2014). Black-browed Albatross (Diomedea melanophris). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (Henta frå http://www.hbw.com/node/52505 den 21. juni 2014).
  3. 3,0 3,1 3,2 Scofield Paul, Brent Stephenson (2013). Birds of New Zealand - A photographic guide. Auckland: Auckland University Press. ISBN 978-0300196825.