That's When Your Heartaches Begin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
That's When Your Heartaches Begin
Song av Elvis Presley
Utgjeve Mars 1957
Innspelt 18. juli 1953, Sun Studio i Memphis i Tennessee (acetat)

13. januar 1957 i Radio Recorders i Hollywood

Lengd 2:52 (1953

3:28 (1957)

Selskap RCA Victor
Komponist Fred Fisher
Låtskrivar(ar) Fred Fisher
William Raskin, Billy Hill

«That's When Your Heartaches Begin» er ein song som Elvis Presley spelte inn minst tre gonger, mellom anna første gongen i juli 1953, då han var ein av dei to første songane Presley spelte inn for Sun Records på ein demo han ønskte å gje til mora i bursdagsgåve.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om songen ikkje vart kjend før Presley spelte han inn i 1950-åra, vart songen skriven i 1937 av Fred Fisher, William Raskin og Billy Hill. Han vart spelt inn og gjeven ut same året av Shep Fields Rippling Rhythm, og igjen av The Ink Spots i 1941. R&B-sopranen Billy Bunn and His Buddies spelte inn songen for RCA, og denne kom ut i 1952 til gode meldingar. Den 18. juli 1953 kom ein ung Elvis Presley til Sun Records i Memphis og betalte 3,98 dollar for nok studiotid til å spele inn ein acetat-singel. På A-sida spelte han inn «My Happiness», som seinare vart gjort kjent av Connie Francis i 1958, medan B-sida var «That's When Your Heartaches Begin».[1]

Han spelte seinare inn songen to gonger til, mellom anna under den kjende Million Dollar Quartet-innspelinga den 4. desember 1956, og den andre gongen i januar 1957 som B-sida til «All Shook Up».

Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I følgje forfattaren Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 364) framførte The Beatles «That's When Your Heartaches Begin» på konsertar frå 1959 til 1961 (i Liverpool og Hamburg og andre stader) med Paul McCartney på solovokal. Forfattaren Allen J. Weiner la til at det finst eit opptak av ei heimeøving (frå 1960) og at denne finst på fleire piratkopiplater.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andy Kaufman song songen i 1979 på Johnny Cash Show til ståande applaus som ein del av imitasjonsnummeret hans av Elvis Presley.

Songen vart omsett to gonger til fransk. Den eine, av Franck Gérald, vart kalla «C'est bête à pleurer» vart framført av Lucky Blondo i 1966. Den andre vart omsett av Georges Aber og Johnny Hallyday, kalla «Quand ça vous brise le cœur» og framført av Hallyday i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]