That’s Rich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«That’s Rich»
Song av Brooke Scullion

Land Irland, Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 19. januar 2022
Sjanger Pop, poprock[1]
Lengd 03:01
Selskap V2 Records Benelux
Komponist Brooke Scullion
Tekstforfattar Brooke Scullion
Låtskrivar(ar) Brooke Scullion, Izzy Warner, Karl Zine

«That’s Rich» (norsk omsetjing 'det er vel mykje') er ein popsang frå 2022 med den nordirske songaren Brooke Scullion. Songen var det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«That’s Rich» er skriven av Scullion sjølv, saman med dei britiske låtskrivarane Izzy Warner og Karl Zine. Songen var den fyrste Scullion skreiv, og ho hadde ingen planar om å sende han inn til RTÉ for deltaking i den irske finalen til Eurovision Song Contest.[2] Då ho etter kvart forstod kva potensial songen hadde, og samstundes fekk støtte frå plateselskapet, sende Scullion han inn til Eurosong, den irske uttakinga til Eurovision Song Contest.[2] Songen vart plukka ut til å delta i Eurosong 4. februar 2022. I tevling mot fem andre bidrag, vann «That’s Rich» ein klår siger hos både den internasjonale juryen og hos tv-sjåarane.[3] Ein remastra versjon av songen kom ut 12. februar.[3]

«That’s Rich» handlar om å erte og gjere narr av ein tidligere elskar. Songaren meiner den tidlegare elskaren er sjølvoppteken og syng: «Du dyttar meg alltid ned. Vel, eg har nyheiter til deg, du seier eg brukar deg no – det er vel mykje av deg».[2]

«That’s Rich» deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest torsdag 12. mai 2022, der han enda på 15. plass av 18 bidrag. Siden songen ikkje vart blant de ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Det irske flagget Irland (IRMA)[5] 54

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Griffiths, George (24. januar 2022). «Irish Eurovision 2022 hopeful Brooke Scullion wants to change the game with rock-pop bop That's Rich». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 2. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «"Bye Bye Fool!" — Brooke teases a self-obsessed former lover with "That's Rich" lyrics». wiwibloggs (på engelsk). 5. februar 2022. Henta 15. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «🇮🇪 Ireland: Brooke Unveils Remastered Version of "That's Rich" For Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 15. mars 2022. 
  4. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  5. «Irish Singles Charts, Week 20 2022 – Week Ending 20 May 2022». www.irma.ie. IRMA – Irish Recorded Music Association. Henta 23. mai 2022.