Thatcher Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°17′S 36°32′W
Thatcher Peninsula
halvøy
Thatcher-Peninsula.jpg
Sentrale Sør-Georgia: Cumberland Bay; Thatcher Peninsula med King Edward Cove (Grytviken); Allardyce Range med fjellet Mt. Paget (NASA).
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°17′S 36°32′W

Thatcher Peninsula er ei fjellrik halvøy nord i det sentrale Sør-Georgia som endar i nord med Maineset, mellom Cumberland West Bay i vest og Cumberland East Bay og Morenefjorden i aust. Ho grensar i sørvest og sør til Lyellbreen og Hambergbreen. Ved King Edward Cove på austsida av halvøya ligg British Antarctic Survey (BAS) sin stasjon i Grytviken og den nedlagde kvalstasjonen med same namn.

Thatcher Peninsula vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1991, etter forslag frå Royal Geographical Society etter Margaret Thatcher, statsminister i Storbritannia, 1979-1990. Ho vart skildra av Sir Vivian Fuchs, som ein viktig person i historia til Sør-Georgia og for rolla hennar i Falklandskrigen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 'Peninsula on Sør-Georgia to be kalla opp etter Margaret Thatcher', The Times (15 June 1991).

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Thatcher Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).