Thaumasitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thaumasitt
Thaumasite w-prehnite Hydrous basic calcium carbonate sulfate and silicate Fairfax Quarry near Contraville Fairfax County Virginia 1641.jpg
Thaumasitt (kvit) med prehnitt (grøn) frå Fairfax Quarry i Virginia
Generelt
KategoriSulfatmineral
Kjemisk formelCa3Si(OH)6(CO3)(SO4)·12H2O

CaSi(OH)6·CaCO3·CaSO4·12H2O

CaSiO3·CaCO3·CaSO4·15H2O
Strunz-klassifisering07.DG.15
KrystallsymmetriHeksagonal 6
Einingscellea = 11.030(7) Å, c = 10.396(6) Å; Z = 2
Identifikasjon
Molekylvekt622.62 g/mol
Fargefargelaus, kvit, bleik gul
Krystallformprismatisk, trådaktig, massiv, radial
KrystallsystemHeksagonal dipyramidal
KløyvUtydeleg
BrotUndermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3.5
GlansGlasaktig til silkeaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt1.877
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.498–1.507 nε = 1.458–1.470
Dobbeltbrytingδ = 0.039
Kjelder[1][2][3]

Thaumasitt er eit kvitt mineral, som opptrer i massiv til fibrig form. Det er eit vasshaldig kalsiumsilikat med karbonat- og sulfatgrupper, og er interessant fordi det inneheld silisium i den uvanlege seks-koordinasjonen, dvs silisium er omgjeve av seks oksygenatom (eller hydroksyl). Den kjemiske formelen er Ca3Si(OH)6(CO3)(SO4)·12H2O. Mineralet krystalliserer heksagonalt.

Det vart først skildra i 1878 i Sverige.[3] Det har fått namn frå det greske ordet for «overrasking» og -itt, og syner til den uvanlege kjemiske samansetjinga.

I Noreg er det kjent frå Lierskogen, Nordfjordeid, Geiranger, Stryn, Mofjellet og Sulitjelma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]