The "Chirping" Crickets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The "Chirping" Crickets
Studioalbum av The Crickets
Språk engelsk
Innspelt 25. februar – 28. september 1957
Sjanger
Lengd 28:27
Selskap Brunswick
Produsent Norman Petty
The Crickets-kronologi 
The "Chirping" Crickets Buddy Holly
(1958)
Singlar frå The "Chirping" Crickets
  1. «That'll Be The Day»
    Utgjeve: 27. mai 1957
  2. «Oh, Boy!»
    Utgjeve: 27. oktober 1957
  3. «Maybe Baby»
    Utgjeve: Januar 1958
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
The Rolling Stone Record Guide5/5 stars[2]

The "Chirping" Crickets er debutalbumet til det amerikanske rock and roll-bandet The Crickets, leia av Buddy Holly, og det einaste Crickets-albumet som kom ut medan Holly levde.

Albumet kom ut i USA i 1957 og i Storbritannia i 1958. Det vart gjeve ut på ny av Coral i 1962 som Buddy Holly and The Crickets. Etter å ha vore ute av opplag i mange år vart det gjeve ut på ny med nymastra lyd på CD i 2004. Det vart då òg inkludert bonusspor.

Albumet inneheld hitsingelen «That'll Be the Day», som gjekk til topps på salslistene, og ein annan hit, «Oh, Boy!»

I 2003 vart albumet rangert på 421. plassen, og i 2012 på 420. plassen, på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Andre Crickets-klassikarar er «Not Fade Away», «Maybe Baby», og «I'm Looking for Someone to Love». Resten av dei tolv songane vert i følgje kritikarar ikkje rekna for å ha like høg standard, men at det er vanskeleg å måle seg mot desse fem som stundom vert trekt fram som nokre av dei bete rock and roll-songane nokon gong.[1] Albumet er dermed eit av dei viktigaste debutalbuma i rock and roll-historia, på linje med Elvis Presley og Meet the Beatles. [1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Oh, Boy!»Sonny West, Bill Tilghman, Norman Petty2:07
2.«Not Fade Away»Buddy Holly, Petty2:21
3.«You've Got Love»Roy Orbison, Johnny Wilson, Petty2:05
4.«Maybe Baby»Holly, Petty2:01
5.«It's Too Late»Chuck Willis2:22
6.«Tell Me How»Holly, Petty, Jerry Allison1:58
Side 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«That'll Be the Day» (Brunswick-versjonen frå 27. mai 1957)Holly, Allison, Petty2:14
2.«I'm Looking for Someone to Love»Holly, Petty1:56
3.«An Empty Cup (And a Broken Date)»Orbison, Petty2:11
4.«Send Me Some Lovin'»John Marascalco, Leo Price2:33
5.«Last Night»Joe B. Mauldin, Petty1:53
6.«Rock Me My Baby»Shorty Long, Susan Heather1:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Buddy Holly and The Crickets
Andre medverkande
  • Larry Welborn – kontrabass på 7 og 8
  • The Picks (Bill Pickering, John Pickering og Bob Lapham) - korvokal, utanom på 2, 7 og 8
  • Ramona og Gary Tollett – korvokal på 7 og 8

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1968 UK Albums Chart 5[3]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
Billboard Hot 100[4] R&B Singles[5] UK Singles Chart[6]
1957 «That'll Be the Day» 1 2 1
1958 «Oh Boy» 10 13 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ruhlmann, William. The "Chirping" CricketsAllmusic. Henta 2011-09-26.
  2. Marsh, Dave; Swenson, John (Editors). The Rolling Stone Record Guide, 1st edition, Random House/Rolling Stone Press, 1979, p. 174.
  3. «Crickets - Chirping Crickets». Chart Stats. 19. april 1958. Arkivert frå originalen 30. juni 2012. Henta 6. august 2011. 
  4. Buddy HollyAllmusic. Henta 2011-09-26.
  5. The CricketsAllmusic. Henta 2011-09-26.
  6. «Crickets». Chart Stats. Arkivert frå originalen 7. september 2012. Henta 6. august 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]