The Accent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Accent var eit engelsk psykedelisk rockeband frå Yorkshire. Opphavleg kalla dei seg The Blue Blood Group, men då dei flytta til London i 1966 endra dei namn til The Accent. Dei skaffa seg fast spelejobb på Billy Walker sin Upper Cut Club og vart der oppdaga av sjefen i Blue Horizon Records, Mike Vernon, som òg produserte den einaste singelen dei gav ut. Singelen kom ut i 1967 og heitte «Red Sky at Night» med B-sida «Wind of Change» og kom ut på Decca Records.

Medlemmane i bandet var John Hebron (vokal og gitar), Rick Birkett (gitar), Alan Davies (bass) og Pete Beetham (trommer).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]