The Amazing Kamikaze Syndrome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Amazing Kamikaze Syndrome
Studioalbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 3. desember 1983
Innspelt Portland Studios, Rak Studios
Sjanger
Lengd 42:29
Selskap RCA Records
Produsent Jim Lea, John Punter
Slade-kronologi 
Slade On Stage
(1982)
The Amazing Kamikaze Syndrome Keep Your Hands Off My Power Supply
(1984)


Singlar frå The Amazing Kamikaze Syndrome
  1. «(And Now the Waltz) C'est La Vie»
    Utgjeve: 12. november 1982
  2. «My Oh My»
    Utgjeve: 11. november 1983
  3. «Run Runaway»
    Utgjeve: 27. januar 1984
  4. «Slam the Hammer Down»
    Utgjeve: 1984

The Amazing Kamikaze Syndrome er det ellevte studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut 3. desember 1983 og nådde 49. plassen på den britiske albumlista. Albumet vart i stor grad produsert av bassisten Jim Lea. Dei to britiske topp 10-singlane frå albumet, «My Oh My» og «Run Runaway», vart begge produserte av John Punter.

I 1984 vart albumet ompakka og gjeve ut som Keep Your Hands Off My Power Supply av CBS Associated Records i USA og Canada. Både «Run Runaway» og «My Oh My» vart amerikanske topp 40-hittar det året, og gav bandet eit etterlengta gjennombrot der.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter konserten til Slade på Readingfestivalen i 1980 vart interessa for bandet gjenoppliva og ein stor platekontrakt vart signert med RCA. The Amazing Kamikaze Syndrome var andre studioalbumet til bandet for selskapet og hadde for det meste vorte spelt inn i 1982. I november same år vart den første singelen frå albumet, «(And Now the Waltz) C'est La Vie» gjeve ut og nådde 50. plassen på singellista i Storbritannia. Likevel, tidleg i 1983, følte RCA at dei innspelte spora på albumet mangla hitpotensiale, og i arbeidet med å endra det føreslo RCA at bandet skulle jobba med produsenten John Punter.[1] Solovokalisten Noddy Holder og Lea skreiv og spelte deretter inn demoar av to songar: «My Oh My» og «Run Runaway». Begge vart motteke med entusiasme av RCA og Punter vart tilsett for å jobba på dei to spora.

«My Oh My» kom ut i november 1983 og nådde andreplassen i Storbritannia i jula. Suksessen med singelen førte til at RCA gav ut The Amazing Kamikaze Syndrome i desember, i staden for i februar 1984. Albumet nådde 49. plassen i Storbritannia og var ein suksess over heile Europa. Singelen gjekk heilt til topps i Noreg. I januar 1984 nådde den andre singelen «Run Runaway» sjuandeplassen i Storbritnnia. .[2]Suksessen med Quiet Riot sin versjon av «Cum on Feel the Noize» i slutten av 1983 førte til at Slade signerte med CBS, som ville gje ut The Amazing Kamikaze Syndrome som Keep Your Hands Off My Power Supply i 1984.[2]

Tittelen til albumet vart foreslått av Holder. I eit intervju frå 1983 sa han: «Eg las sportssidene ein dag, og det var ein artikkel om motorsport. Han snakka om «kamikaze -komplekset» dei gutane som konkurrerer synest å ha med å setja livet på spel kvar gang dei går på banen. Eg trur Barry Sheene vart nemnd som eit spesifikt døme. Uansett, det slo meg at nokon av songane våre passa inn i denne ideen, så tittelen verka som eit logisk val. Og la oss innsjå at alle har noko av det komplekse i seg, vi alle gamble på eit tidspunkt i livet vårt.»[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I eit fanklubbintervju frå 1986 snakka Holder om at bandet ønskte å ha gjeve ut ein oppfølgjarsingerl frå albumet etter «Run Runaway». Han sa: «Me følte alle at det burde vore ein singel på baksida av «Run Runaway». Albumet var den første store suksessen vår i Amerika, det var topp 5 over heile Europa og nummer 1 i Skandinavia i fleire månader. Storbritannia var den einaste staden det ikkje var eit stort album. Me kunne teoretisk sett ha hatt ein singel til. Det hadde vore ein hit. Det var mange gode songar på det albumet.»[4]

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Under utgjevinga av albumet i desember hadde bandet allereie byrja på ein turné i Storbritannia. Med suksessen med «My Oh My» dukka bandet òg opp på britisk og europeisk TV regelmessig, følgd av suksessen med «Run Runaway». Sidan albumet opphavleg skulle ut i februar 1984, hadde dei diskutert planane for ein større konsertturné.[5] Likevel fann turneen aldri stad, og etter nokre få konsertar i Amerika i løpet av 1984, ville bandet aldri opptre live igjen, bortsett frå éin song på 25-årsjubileet deira, organisert av fanklubben.

Songinformasjon[endre | endre wikiteksten]

«Slam the Hammer Down» vart gjeven ut i Amerika som ein promosingel i 1984, remiksa av Shep Pettibone.[6] På «Cocky Rock Boys (Rule OK)» kan ein høyre linja «you Frank and Johnny, you're hurting my arm» på slutten av songen, som er ein referanse til filmen The Maltese Falcon frå 1941, med Humphrey Bogart i hovudrolla.[7] «Ready to Explode» er ein åtte og eit halvt minutt lang song med fleire tema om spenninga ved motorsport.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[8]
Get Ready To Rock!3.5/5 stars[9]
Number One3/5 stars[10]
Record Mirror5/5 stars[11]
Smash Hits5/10 stars[12]
Sounds4.5/5 stars[13]

Då albumet kom ut meinte Kerrang! at albumet viste ein «tilsynelatande uanstrengt sjølvtillit og ein ubesmitta smittsomheit». Dei konkluderte med: «Slade har ikkje mista det gamle ville tøtsjet sitt.»[14] Sounds kommenterte at «albumet viser heilt klart at Slade framleis er i stand til å rocka hardare og meir fengjande enn dei fleste band som er halvparten så unge.» Dei la til: «Dei høyrest så livlege og sjølvsikre ut at du kan tilgi dei rock'n'roll-klisjéene dei av og til glir inn i. Som alltid er det metal-boogie-stampinga som verkeleg splittar bramsegla, og det er nok store drivande rockesongar her til å fore Quiet Riot med hittar fram til 1987!»[15] Record Mirror skildra albumet som «Slades ultimate feiring», og la til «fantastisk underhaldning garantert.»[16]

Anne Lambert frå Number One kommenterte: «Slade ber framleis den same lyden - enorme forvrengde gitarar toppa av Noddy som skrik for harde livet. Det vil bli elska av Slade-fanatikarar, og bli tolerert av alle andre.»[10] Linda Duff frå Smash Hits sa: «Dei fire karane sette seg fore å laga så mykje uro som mogleg. Og med trommer som høyrest ut som sekkar med hobnail-støvlar som blir kasta ned lange trapper, fiolinsoloar som balanserer farleg inn og ut av å vere stemt, pluss dampande gitarar som rasar av stad, lykkast dei veldig bra. Eg ville ikkje tenka over livet under denne plata, men det er moro, ikkje sant?»[12]

Joe Geesin frå nettmagasinet Get Ready to Rock! skreiv: «The Amazing Kamikaze Syndrome startar med å bevisa at sjølv om det ikkje var den klassiske, gamle Slade, hadde dei det framleis. Riffa var framleis store, og soloane var om noko betre, meir metal om enn kommersiell metal.»[9] Jeff Giles frå Ultimate Classic Rock skildra albumet som eit «velskrive og smartpolert sett med songar som toppa rockestilen deira med pop-produksjon som passa perfekt i tråd med trendane på den tida.»[17]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Slam the Hammer Down»3:25
2.«In the Doghouse»2:44
3.«Run Runaway»5:00
4.«High and Dry»3:10
5.«My Oh My»4:12
6.«Cocky Rock Boys (Rule O.K.)»3:27
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Ready to Explode»8:38
8.«(And Now the Waltz) C'est La Vie»3:43
9.«Cheap 'n' Nasty Luv»3:27
10.«Razzle Dazzle Man»4:39
Bonusspor på 2007-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Keep Your Hands Off My Power Supply» (B-side på «My Oh My»)3:34
12.«My Oh My (12" Extended Version)»5:34
13.«Don't Tame a Hurricane» (B-side på «My Oh My» 12")2:33
14.«Run Runaway (12" Extended Version)»5:26
15.«Two Track Stereo One Track Mind» (B-side på «Run Runaway»)2:55
16.«Slam the Hammer Down (Hotter Mix)» (B-side på «Slam the Hammer Down» promosingel)3:44

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983/84) Plassering
Australia (Kent Music Report)[18] 50
Den austerrikske albumlista[19] 17
Den tyske albumlista[20] 9
Den newzealandske albumlista[21] 39
VG-lista[22] 2
Den svenske albumlista[23] 1
Den sveitsiske albumlista[24] 5
UK Albums Chart[25] 49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
  • Noddy Holder - solovokal, rytmegitar
  • Dave Hill - sologitar, korvokal
  • Jim Lea - bass, klaverinstrument, guitars, korvokal, solovokal on verses (spor 7), produsent
  • Don Powell - trommer, perkusjon, gongs
Andre medverkande
Teknisk
  • John Punter - produsent (spor 3, 5)
  • Andy Miller, Dave Garland - lydteknikarar (spor 1-2, 4, 6-10)
  • Mike Nocito, Pete Schwier - lydteknikarar (spor 3, 5)
  • Andrew Christian - kunstnarisk leiar
  • Shoot That Tiger! - design
  • John Shaw - fotografi
  • Phil Davis - scenedesigner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don's 1983 Diary - Don Powell Official Website». Donpowellofficial.com. Henta 15. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 CD-heftet på The Amazing Kamikaze Syndrome - 2007 Salvo
  3. Mickey P. (26. februar 2004). «From Roots To Boots!: The Amazing Kami-Khazi Syndrome». Sladestory.blogspot.com. Henta 14. oktober 2021. 
  4. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 14. oktober 2021. 
  5. http://www.sladefanclub.com/uploads/7/6/6/0/7660950/1611418_orig.jpg[daud lenkje]
  6. 6,0 6,1 «CD Album - Slade - The Amazing Kamikaze Syndrome - Salvo - UK». 45worlds.com. Henta 15. oktober 2021. 
  7. Slade International Fan Club newsletter April - May - June 1988
  8. «The Amazing Kamikaze Syndrome - Slade». AllMusic. Henta 14. oktober 2021. 
  9. 9,0 9,1 «Get Ready to ROCK! Review of CD album resissues by rock band Slade called The Amazing Kamikaze Syndrome, You Boyz Make Big Noize, The Collection 70-87, Rogues Gallery». Getreadytorock.com. Henta 14. oktober 2021. 
  10. 10,0 10,1 Number One magazine - 17. desember 1983 - Album Reviews - page 33
  11. «Archived copy». Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 24. februar 2011. 
  12. 12,0 12,1 Smash Hits magazine - 5–18. januar 1983 - Album Reviews - page 16
  13. «Archived copy». Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 29. januar 2011. 
  14. «SLADE amazing kamikaze syndrome». Sladeinengland.co.uk. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 14. oktober 2021. 
  15. «Slade Scrapbook Website - Cuttings 1983». Sladescrapbook.com. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 14. oktober 2021. 
  16. «1983 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 6. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021. 
  17. «30 Years Ago: Slade Release 'Keep Your Hands Off My Power Supply'». Ultimateclassicrock.com. Henta 15. oktober 2021. 
  18. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  19. Steffen Hung. «Slade - The Amazing Kamikaze Syndrome». austriancharts.at. Henta 14. oktober 2021. 
  20. «charts.de». charts.de. 27. juli 2007. Henta 14. oktober 2021. 
  21. Steffen Hung. «Slade - The Amazing Kamikaze Syndrome». charts.nz. Henta 14. oktober 2021. 
  22. Steffen Hung. «Slade - The Amazing Kamikaze Syndrome». norwegiancharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  23. Steffen Hung. «Slade - The Amazing Kamikaze Syndrome». swedishcharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  24. Steffen Hung. «Slade - The Amazing Kamikaze Syndrome». hitparade.ch. Henta 14. oktober 2021. 
  25. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 15. oktober 2021.