The Andrews Sisters
| The Andrews Sisters | |||
| Andrews Sisters i filmen Private Buckaroo (1942). | |||
| Opphav | Minnesota, USA | ||
|---|---|---|---|
| Aktiv | 1925-1951, 1956-1967 | ||
| Sjanger | Swing, boogie | ||
| Plateselskap | Dot Records, Decca Records | ||
| Medlemmer | LaVerne Andrews (kontraalt) Maxene Andrews (sopran) Patty Andrews (mezzosopran) | ||
| Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame | ||
The Andrews Sisters var ei populær vokalgruppe i USA frå 1920-åra og heilt fram til 1960-åra. Gruppa bestod av systrene LaVerne Andrews (1911-1967), Maxene Andrews (1916-1995) og Patty Andrews (1918-2013). Far deira var gresk innvandrar, mora var norsk-amerikanar. Gruppa vart kjend for å syngja jazzinspirert swing/boogie med tette harmoniar. Trioen heldt det gåande heilt fram til 1967, då eldstesystera LaVerne døydde av kreft.
Gruppa slo igjennom i 1938 med slageren «Bei mir bist du schön». Dette vart den første i ei lang rekkje med hittar, som «Boogie Woogie Bugle Boy», «Rum and Coca Cola», «The Beer Barrel Polka» og «Don't Fence Me In». Andrews Sisters spelte òg inn songar i lag med Bing Crosby, t.d. «Jingle Bells» - «Bjelleklang». Dei medverka også i mange filmar frå 1940 og utover, og musikken deira vart ofte brukt til å underhalda amerikanske soldatar i krig.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Andrews_Sisters» i Store norske leksikon, snl.no.