The Ballad of Sally Rose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Ballad of Sally Rose
Studioalbum av Emmylou Harris
Utgjeve Februar 1985
Sjanger Country
Lengd 36:12
Selskap Warner Bros. Nashville
Produsent Paul Kennerley
Emmylou Harris-kronologi
White Shoes
(1983)
The Ballad of Sally Rose Thirteen
(1986)


The Ballad of Sally Rose er det 12. studioalbumet til den amerikanske countryartisten Emmylou Harris, utgjeve i februar 1985. Det markerte ei stort sprang for Harris av to årsaker. For det første vart alle songane skrivne i lag av Harris sjølv i lag med den dåverande ektemannen Paul Kennerley, medan dei tidlegare albuma hennar i stor grad bestod av andre sine songar. For det andre er det eit konseptalbum, laust basert på forholdet mellom Harris og Gram Parsons. Albumet fortel soga om ein karakter kalla Sally Rose, ein songar som har ein kjæraste og mentor, ein musikar som lever eit hardt liv og som vert drepen på turné.[1] Dolly Parton, Linda Ronstadt og Gail Davies syng harmonivokal på fleire av songane. Mange av songane flyt over i kvarandre og skapar eit kontinuerleg momentum.

Før dette albumet var det berre debutalbumet til Harris frå 1969, Gliding Bird, som hadde hatt meir enn to av hennar eigne songar. Dette gjentok ho ikkje på ny før Red Dirt Girl i 2000. Harris sjølv har skildra albumet som ein «countryopera».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]

I eit BBC Radio 2-program om karrieren hennar i 2006, fortalte Harris om korleis albumet selde så dårleg då det kom ut at ho måtte ta seg ein «vanleg» jobb for å tene pengar att. Dei to singlane på albumet gjorde det skuffande dårleg etter Harris sin standard, sjølv om singelen «White Line» vart ein moderat suksess med ein 14. plass på countrylista i USA.[2]

The Ballad of Sally Rose vart nominert til Grammyprisen for bete kvinnelege countrysong.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor skrivne av Emmylou Harris og Paul Kennerley, utanom der andre er nemnde[4]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Ballad of Sally Rose» 2:48
2.«Rhythm Guitar» 3:18
3.«I Think I Love Him» / «You Are My Flower»Harris / A.P. Carter1:07
4.«Heart to Heart» 2:31
5.«Woman Walk the Line» 4:08
6.«Bad News» 1:46
7.«Timberline» 2:51
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Long Tall Sally Rose» 1:32
9.«White Line» 3:46
10.«Diamond in My Crown» 2:55
11.«The Sweetheart of the Rodeo» 3:41
12.«K-S-O-S»/instrumental medley: «Ring of Fire»/«Wildwood Flower»/«Six Days on the Road»Harris, Kennerley; June Carter, Merle Kilgore, A.P. Carter, Earl Greene, Carl Montgomery2:50
13.«Sweet Chariot» 2:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Donivan Cowart - lydteknikar
  • Tom Harding - andre lydteknikar
  • Emmylou Harris - produsent
  • Paul Kennerley - produsent
  • Keith Odle - andre lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 8
U.S. Billboard 200 171

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hurst, Jack (10. mars 1985). «More Than A Hint Emmylou Harris Comes Out In 'Ballad Of Sally Rose'». Chicago Tribune. Henta 18. november 2020. 
  2. 2,0 2,1 Allmusic review
  3. Rock on the Net: 26th Annual Grammy Awards
  4. Emmylou Harris The Ballad of Sally Rose - notat i omslaget