The Ballroom Blitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Ballroom Blitz
Singel av The Sweet
frå albumet Desolation Boulevard (US version)
B-side
  • «Rock and Roll Disgrace» (RCA)
  • «Restless» (Capitol)
Utgjeve September 1973
Innspelt 1973
Sjanger
Lengd 4:06
Selskap RCA
Tekstforfattar Nicky Chinn
Låtskrivar(ar)
Produsent
The Sweet-kronologi 
«Hell Raiser»
(1973)
The Ballroom Blitz «Teenage Rampage»
(1974)


«The Ballroom Blitz» er ein song av det britiske glamrockbandet The Sweet, skriven av Nicky Chinn og Mike Chapman. Songen gjekk til topps i Canada og nådde andreplassen på UK Singles Chart og den australske singellista, og femteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«The Ballroom Blitz» var inspirert av ei hending 27. januar 1973 då bandet spelte i Grand Hall i Kilmarnock i Skottland, og vart driven av scenen av folk som kasta flasker på dei.[6]

Historie og skildring[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn i Audio International Studio, 18 Rodmarton Street i London,[7][8] og kom ut på singel i september 1973.

Songen kom ut på den amerikanske og kanadiske versjonen av Desolation Boulevard, men kom aldri ut på eit Sweet-album i Storbritannia, anna enn samlealbum.[9]

Gitar- og trommeriffet i starten av songen har likskapar til songen «Let's Stomp» frå 1963 av Bobby Comstock.[10]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Den første coverversjonen av «The Ballroom Blitz» vart spelt inn av Les Humphries Singers i 1974, og vart den første tyske singelen som gjekk til topps på singellista i New Zealand.[11] I 1979 vart songen spelt av The Damned, med Lemmy frå Motörhead på bassgitar. Han kom ut som B-sida til «I Just Can't Be Happy Today» og som bonusspor på C-utgåva av Machine Gun Etiquette.[12][13] Andre coverversjonar er gjort av Krokus i 1984, Surf Punks i 1988 på albumet deira Oh No! Not Them Again, det japanske glamrockbandet Scanch i 1991 på albumet deira Ultra Romantic Bombers for Unlimited Lovers under tittelen«R&R Dynamite Kyoujidai», thrash metal-band Nuclear Assault i 1991 på albumet deira Out of Order, Tia Carrere for musikken til Wayne's World i 1992, og kristenrock-bandet Calibretto 13 på albumet deira Enter the Danger Brigade i 2000.[14][15] I 2016 spelte The Struts inn songen for filmen The Edge of Seventeen.[16]

Teksten «she thinks she's the passionate one» frå songen er nytta i Beastie Boys-songen «Hey Ladies».[17]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973-1976) Plassering
Australia[18] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[19] 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[20] 2
Canada RPM Top Singles[21] 1
Finland (Finnish Singles Charts) 10
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[22] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[23] 2
Noreg (VG-lista)[24] 2
Sør-Afrika (Springbok Radio SA Top 20)[25] 3
Sveits (Schweizer Hitparade)[26] 3
UK Singles (Official Charts Company)[27] 2
US Billboard Hot 100[28] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
UK[29] 17
Liste (1974) Plassering
Australia[18] 9
Liste (1975) Plassering
Canada[30] 22
US Billboard Hot 100[31] 16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Savage, Jon (1. februar 2013). «The 20 best glam-rock songs of all time». The Guardian. Henta 16. februar 2019. 
  2. Harris, Keith; Gehr, Richard (29. august 2016). «20 Songs That Defined the Early Seventies». Rolling Stone. Henta 16. februar 2019. 
  3. Wroe, Nicholas (12. september 2014). «That's neat: Chinnichap's blitz of 70s hits become a musical». The Guardian. ISSN 0261-3077. Henta 16. februar 2019. 
  4. Cantwell, David (4. november 1998). «Power Pop It Ain't». MTV News. Henta 21. mars 2020. 
  5. Henry, Warren (8. juni 2018). «12 Summer Power Pop Gems You Need In Your Life Right Now». The Federalist. Henta 21. mars 2020. 
  6. Dimery, Robert (5. desember 2011). 1001 Songs: You Must Hear Before You Die. Octopus. s. 886. ISBN 978-1-84403-717-9. Henta 2. oktober 2021. 
  7. Beat Instrumental & Songwriting & Recording. Beat Publications. 1978. s. 88. Henta 2. oktober 2021. 
  8. Burns, Phil. «Recorded at Audio International». Philsbook.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 2. oktober 2021. 
  9. Popoff, Martin (15. august 2014). The Big Book of Hair Metal: The Illustrated Oral History of Heavy Metal's Debauched Decade. Voyageur Press. s. 20. ISBN 978-0-7603-4546-7. Henta 2. oktober 2021. 
  10. Swanson, Dave. «Top 10 Sweet Songs». Ultimateclassicrock.com. Diffuser Network. Henta 2. oktober 2021. 
  11. The Complete New Zealand Music Charts, 1966-2006: Singles, Albums, DVDs, Samlealbum. Maurienne House. 1. januar 2007. s. 14. ISBN 978-1-877443-00-8. Henta 11. oktober 2015. 
  12. Waksman, Steve (4. februar 2009). This Ain't the Summer of Love: Conflict and Crossover in Heavy Metal and Punk. University of California Press. s. 327. ISBN 978-0-520-94388-9. Henta 2. oktober 2021. 
  13. Kilmister, Lemmy (8. juni 2012). White Line Fever: Lemmy: The Autobiography. Simon and Schuster. s. 120. ISBN 978-1-4711-1271-3. Henta 11. oktober 2015. 
  14. Mark Allan Powell (2002). Encyclopedia of Contemporary Christian Music. Hendrickson Publishers. s. 130. ISBN 978-1-56563-679-8. Henta 11. oktober 2015. 
  15. Strong, Martin Charles; Griffin, Brendon (2008). Lights, camera, sound tracks. Canongate. s. 396. ISBN 978-1-84767-003-8. Henta 11. oktober 2015. 
  16. «The Struts cover Sweet's «Ballroom Blitz» for The Edge of Seventeen soundtrack — listen». Consequenceofsound.net. 3. november 2016. Henta 1. oktober 2021. 
  17. «The Sweet - Ballroom Blitz Lyrics - MetroLyrics». www.metrolyrics.com. Arkivert frå originalen 19. april 2018. Henta 20. april 2018. 
  18. 18,0 18,1 Hung, Steffen. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Henta 2. oktober 2021. 
  19. "The Sweet – The Ballroom Blitz – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  20. "Ultratop.be – The Sweet – The Ballroom Blitz" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  21. List of number-one singles of 1975 (Canada)
  22. "Offiziellecharts.de – The Sweet – The Ballroom Blitz". GfK Entertainment Charts. Henta 2. oktober 2021. For å sjå plasseringa, klikk "TITEL VON The Sweet"
  23. "Dutchcharts.nl – The Sweet – The Ballroom Blitz" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  24. "Norwegiancharts.com – The Sweet – The Ballroom Blitz". VG-lista. Hung Medien.
  25. Currin, Brian. «South African Rock Lists Website - SA Charts 1965 - 1989 Songs (A-B)». www.rock.co.za. Henta 20. april 2018. 
  26. "The Sweet – The Ballroom Blitz – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  27. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  28. «Sweet Ballroom Blitz Chart History». Billboard. Henta 11. februar 2019. 
  29. «Top Selling Singles for 1973». Sounds (London, England: Spotlight Publications): 4. 5. januar 1974. 
  30. «Top RPM Singles: Issue 3183». RPM. Library and Archives Canada. 17. juli 2013. Henta 2. oktober 2021. 
  31. Top Records of 1975, Billboard, Section II, 27. desember 1975. p. 38. Henta 11. februar 2019.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]