The Bangin' Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bangin' Man
Singel av Slade
B-side

She Did It to Me

Utgjeve 28. juni 1974[1]
Sjanger Rock
Lengd 4:10
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi
«When the Lights Are Out»
(1974)
The Bangin' Man «Far Far Away»
(1974)


«The Bangin' Man» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1974 som ein singel utan album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen nådde tredjeplassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.[2] Songen selde til sølvplate i Storbritannia for eit sal på over 250 000 same året.[3][4]

Etter at bandet hadde gjeve ut «Everyday» på singel i mars 1974 med ein pianodominert stil, gjekk bandet attende til ein meir rockedominert stil på «The Bangin' Man» som kom ut i juni 1974.[5] B-sida til singelen var «She Did It to Me» og var eksklusiv for singelen og kom sidan ut på samleplata B-Sides.

Bandet framførte songen på det britiske TV-showet Supersonic og det tyske TV-showet Disco. Bandet framførte òg songen på det nederlandske TV-showet TopPop.[5] Songen vart ikkje framført på det britiske TV-showet Top of the Pops på grunn av ein streik i BBC.[6][7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
  1. «The Bangin' Man» - 4:10
  2. «She Did it to Me» - 3:16

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 48
Den belgiske singellista[9] 18
Den nederlandske singellista[10] 18
Den tyske singellista[11][12] 7
Irish Singles Chart[13] 3
Norwegian Singles Chart[14] 4
UK Singles Chart[2] 3

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Slade - The Bangin' Man / She Did It To Me - Polydor - UK - 2058 492». 45cat. Henta 9. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2021. 
  3. «1974 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 9. oktober 2021. 
  4. Slade Fan Club Newsletter August - September 1974
  5. 5,0 5,1 «1974 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Henta 9. oktober 2021. 
  6. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 9. oktober 2021. 
  7. Slade International Fan Club newsletter June - July - August 1986
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. «Slade - The Bangin' Man». Ultratop.be. Henta 10. oktober 2021. 
  10. Steffen Hung. «Slade - The Bangin' Man». dutchcharts.nl. Henta 7. oktober 2021. 
  11. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 7. oktober 2021. 
  12. [1][daud lenkje]
  13. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 7. oktober 2021. 
  14. Steffen Hung. «Slade - The Bangin' Man». norwegiancharts.com. Henta 7. oktober 2021.