The Bangles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Bangles

The Bangles opptrer i Sydney i 2010.
OpphavLos Angeles, California
Aktiv1981-1989, 1999-
SjangerPop, rock
PlateselskapI.R.S. Records, Columbia Records, Koch Records
MedlemmerSusanna Hoffs
Debbi Peterson
Vicki Peterson
Tidlegare medlemmerAnette Zilinskas
Michael Steele

The Bangles er ei USA-amerikansk musikkgruppe som vart danna i Los Angeles i California i 1981. Gruppa var aktiv fram til 1990 og tok til att på ny i 2000. Musikken dei lagar vert rekna som rockeprega popmusikk.

Opphavleg bestod The Bangles av vokalisten og gitaristen Susanna Hoffs, systrene Debbi Peterson og Vicki Peterson, den første på trommer og den andre på gitar, og dessutan Annette Zilinskas på bassgitar. Zilinskas gjekk ut av gruppa i 1983 og vart erstatta av Michael Steele, som tidlegare hadde spela i gruppa The Runaways.

The Bangles fekk størst merksemd i den siste halvdelen av 1980-talet, med låtar som «Manic Monday» (1986), skriven av Prince, som nådde andre plass på den USA-amerikanske billboardlista og «Walk Like an Egyptian». Gruppa hadde også suksess med ein versjon av Simon and Garfunkel-låten «A Hazy Shade of Winter» og i 1988 med den eigne «Eternal Flame».

Etter eit opphald på ti år starta gruppa opp på ny i 2000. Sidan har The Bangles turnert og gitt ut to album.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • All Over the Place (1984)
  • Different Light (1986)
  • Everything (1988)
  • Doll Revolution (2003)
  • Sweetheart of the Sun (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]