The Birdwatchers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Birdwatchers var eit amerikansk garasjerock- og popband som var aktive i 1960-åra i Tampa-området i Florida. Bandet hadde ein Everly Brothers-liknande stil tidleg i karrieren og gav ut ein versjon av «Wake Up Little Susie» på, eit plateselskap frå Florida.[1]

I 1966 og 1967 gav dei ut fem singlar på selskap Mala og Laurie, i tillegg til lokale utgjevingar på Tara, Marlin og Scott. Dei fleste av desse var med Sammy Hall på vokal.

Trass i at dei deltok på tenåringsshow som Where The Action Is, klarte dei aldri å nå høgare på hitlista i USA enn 125. plassen i september 1966 med «I'm Gonna Love you Anyway». Ein annan av songane deira, «Girl I Got News for You», nådde den regionale Billboard-lista for Miami, med ein tredjeplass i april 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sammyhall.com, arkivert frå originalen 10. oktober 2008, henta 4. mai 2018