The Black Mamba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Black Mamba
Aktiv2010–
Sjangerfunk, soul, blues

The Black Mamba er eit portugisisk band som består av Pedro Tatanka, Ciro Cruz og Miguel Casais. Bandet vart skipa i 2010 og vann i 2021 den portugisiske songtevlinga Festival da Canção med låten «Love Is on My Side». På grunn av sigeren representerte det Portugal i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Trioen vart danna i 2010 og gruppa tok namnet «The Black Mamba».[2] Namnet var òg tittelen på debutalbumet til gruppa, som hadde låtar innan blues, soul og funk. Etter utgjevinga turnerte gruppa i Portugal, og dessutan til byar som London, Philadelphia, Luanda, Madrid og Sevilla, før ho drog til Brasil i 2013. Andre albumet til gruppa, Dirty Little Brother, vart utgjeve i 2014, etterfølgt av ein ny nasjonal og internasjonal turné.[2]

2016 var eit arbeidsår der The Black Mamba heldt ein serie akustiske konsertar. I oktober 2018 gav dei ut The Mamba King, det tredje studioalbumet til gruppa. Året etter markerte starten på Good Times Tour, der gruppa feira ti år. Turneen vart avslutta i slutten av februar 2020. I løpet av året heldt dei ein serie mindre konsertar i Portugal, men aktiviteten vart avgrensa på grunn av koronaviruspandemien.[2]

I 2021 var The Black Mamba ein av deltakarane i songtevlinga Festival da Canção i regi av kringkastaren RTP. I finalen laurdag 6. mars 2021 vann gruppa tevlinga med låten «Love Is on My Side». Som følgje av sigeren fekk ho representere Portugal i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Det var fyrste gong Portugal deltok med ein låt som berre hadde engelsk tekst.[1] Gruppa deltok i den andre semifinalen torsdag 20. mai og kvalifiserte seg til finalen.[3] I finalen enda gruppa på tolvteplass.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2011: The Black Mamba ‎
  • 2014: Dirty Little Brother
  • 2018: The Mamba King

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Black Mamba slides towards Rotterdam» (på engelsk). 7. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «BIOGRAFIA: The Black Mamba» (på portugisisk). Henta 7. mars 2021. 
  3. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  4. «The Black Mamba - Portugal - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.