The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bootleg Series, Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The «Royal Albert Hall» Concert
Konsertalbum av Bob Dylan
Utgjeve 13. oktober 1998
Innspelt 17. mai 1966
Sjanger Rock, folkrock, bluesrock
Lengd 1:35:18
Selskap Columbia
Produsent Jeff Rosen
Bob Dylan-kronologi
Time Out of Mind
(1997)
The Bootleg Series, Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The «Royal Albert Hall» Concert The Best of Bob Dylan, Vol. 2
(2000)
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991
(1991)
The Bootleg Series, Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The «Royal Albert Hall» Concert The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue
(2002)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Robert ChristgauB+[2]
Rolling Stone4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Pitchfork10/10[4]

Live 1966: The «Royal Albert Hall» Concert er eit dobbelt konsertalbum av Bob Dylan, utgjeve i 1998. Det er den andre utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series på Legacy Records. Konserten vart spelt inn i Manchester Free Trade Hall under verdsturneen til Dylan i 1966, og derfor er hermeteikna kring Royal Albert Hall nytta, sidan konserten ikkje vart spelt inn der. Konserten var ofte å sjå på piratkopiplater i fleire tiårr og er eit viktig dokument i utviklinga populærmusikken i 1960-åra.[5]

Setlista bestod av to delar. Under den første halvdelen av Dylan aleine på scenen og framførte songane med akustisk gitar og munnspel. På den andre halvdelen av konserten framførte Dylan eit «elektrisk» sett av songane sine i lag med bandet The Hawks. Den første halvdelen vart varmt teken i mot av publikum, medan den andre halvdelen vart sterkt kritisert, med folk som ropte ut stygge ting før og etter kvar song.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha turnert Nord-Amerika hausten 1965 til vinteren 1966, drog Dylan og The Hawks (seinare kalla The Band), ut på ein seks veker lang vårturné som byrja i Australia og gjekk vidare til Vest-Europa, Irland og Storbritannia, og enda opp i London. Dylan hadde byrja å spele elektrisk musikk og fjerna seg frå tradisjonelle viser, og dette var framleis kontroversielt, og det britiske publikummet var særleg misnøgd der enkelte av fansen meinte Dylan hadde «seld seg».

Den elektriske delen av konserten kom først ut seint i 1970 eller tidleg i 1971 på piratkopiplater med forskjellige titlar. Den 3. juni 1971 melde kritikaren Dave Marsh ei slik plate i magasinet Creem og skreiv at «Det er det mest ypparlege, elegante stykket rock 'n' roll-musikk eg nokon gong har høyrt. Den ekstreme subtiliteten til musikken er så tett samanveve med sin majestet at dei ser ut som ein og same.»

Den same månaden skriv skribenten Jon Landau ei anna melding av konserten:

« Det er ikkje naudsynt å sei, men albumet er både musikalsk flott og eit utruleg blikk attende til temperamentet i 60-åra. Når ein lyttar til det, er det ikkje vanskeleg å hugse Dylan på scenen på Donnelly Memorial Theatre i Boston eller i Forest Hills i New York City ståande tå til tå, auge mot auge med Robbie Robertson mellom kvart vers på praktisk talt alle songar, medan gitaristen spelar sine tonar. Det er heller ikkje vanskeleg å hugse den lange, slanke og skjøre utsjånaden som stundom fekk deg til å tenkje på kva som gav han styrken til å stå der, der han hugsa dei utruleg kompliserte tekstane til dei utruleg lange songane sine, utan å nøle. Det er ikkje vanskeleg for meg å hugse buinga, namna, fornærmingane han fekk mot seg då han stod der med eit elektrisk band. På dette albumet klappar publikum på feil stad, med ein rytme som verkar å prøve og setje han ut. I byrjinga av 'One Too Many Mornings' fortel han ei fullstendig psykotisk soge med ei særs låg stemme medan publikum lagar støy. Etter kvart som dei mista energien sin, finn han sin og røysta vert kraftigare, og då dei er nesten heilt stille seier han 'om de berre ikkje hadde klappa så høgt'. Publikum applauderer ytringa. »

Dei tidlege piratkopiplatene tilskrive innspelinga til ein av avslutningskonsertane til Dylan i Royal Albert Hall i London, som òg vart teken opp, i tillegg til ein konsert i Liverpool (14. mai), innspelt av produsenten til Dylan, Bob Johnston. Men det er godt dokumentert at Dylan sin no legendariske konfrontasjon med ein plagsam fyr som roper ut «Judas» frå publikum skjedde i Manchester den 17. mai 1966. Etter «Judas!» er det klapping og fleire rop frå publikum Dylan svarer så «Eg trur deg ikkje», og så «Du er ein løgnar.» Bob Dylan seier så til bandet «spel jævla høgt» før dei byrjar på «Like a Rolling Stone». Mot slutten, når publikum byrja å applaudere seier Dylan «tusen takk».

Etter fleire år med motstridande rapportar og spekulasjonar blant Dylan-ekspertane, vart Manchester-kjelda til slutt verifisert etter ein førebels miks av ei føreslått Columbia-utgåve vart piratkopiert i 1995 som Guitars Kissing & The Contemporary Fix. Dylan avviste denne utgåva og tre år seinare autoriserte han ei markant annleis utgåve for den andre «Bootleg Series»-utgjevinga . Ein song spelt inn på den verkelege Royal Albert Hall-konserten, var tidlegare gjeven ut. Det var utgåva frå 26. mai 1966 av «Visions of Johanna» i plateboksen Biograph. Utdrag frå andre konsertopptak frå Storbritannia i 1966 finst i Martin Scorsese sin fjernsynsdokumentar No Direction Home frå 2005. Filmopptak av «Judas»-hendinga vart oppdaga og nytta mot slutten av dokumentaren.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Live 1966: The «Royal Albert Hall» Concert kom endeleg ut i 1998 og selde godt med god omtale frå kritikarane. Albumet nådde 19. plassen i Storbritannia og vart inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[6]

Fotografen Ross Halfin sa «For (Led Zeppelin-gitaristen) Jimmy Page er denne piratkopiplata framleis det ultimate albumet. Jimmy kjøper framleis eksemplar når han kjem over dei, sidan han likar det så godt.»[7]

Albumet er rangert på 989. plassen på All-Time Top 1000 Albums (3. utgåve, 2000) [8].

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde. 

Plate 1
# Tittel Lengd
1. «She Belongs to Me»   03:27
2. «4th Time Around»   04:37
3. «Visions of Johanna»   08:08
4. «It's All Over Now, Baby Blue»   05:45
5. «Desolation Row»   11:31
6. «Just Like a Woman»   05:52
7. «Mr. Tambourine Man»   08:52
Plate 2
# Tittel Lengd
8. «Tell Me Momma»   05:10
9. «I Don't Believe You (She Acts Like We Never Have Met)»   06:07
10. «Baby, Let Me Follow You Down» (Eric von Schmidt. Arr. Dylan) 03:46
11. «Just Like Tom Thumb's Blues»   06:50
12. «Leopard-Skin Pill-Box Hat»   04:50
13. «One Too Many Mornings»   04:22
14. «Ballad of a Thin Man»   07:55
15. «Like a Rolling Stone»   08:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Hawks

Teknisk personell

Fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Robert Christgau review
  3. Fricke, David (6. oktober 1998). «Bob Dylan: The Bootleg Series, Vol. 4: The 'Royal Albert Hall' Concert : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 26. desember 2007. Henta 11. september 2011. 
  4. Pitchfork Media review
  5. Unterberger, Richie. «The Bootleg Series, Vol. 4: The «Royal Albert Hall» Concert – Bob Dylan». AllMusic. Henta 13. desember 2018. 
  6. Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2. 
  7. Halfin, Ross (May 2015). «Who's Who». Classic Rock #209: 69. 
  8. «Rocklist». Henta 22. juli 2018.