The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006
Samlealbum av Bob Dylan
Utgjeve 6. oktober 2008
Innspelt 1989–2006
Sjanger Rock, folk, folkrock, countryrock, blues
Lengd 2:17:07
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan, Daniel Lanois
Bob Dylan-kronologi
Dylan
(2007)
The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006 Together Through Life
(2009)
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack
(2005)
The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006 The Bootleg Series Vol. 9: The Witmark Demos: 1962–1964
(2010)


Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic86/100[1]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
BBCPositiv[3]
The Chicago TribunePositiv[4]
Robert Christgau(3/3 stars honorable mention)(3/3 stars honorable mention)(3/3 stars honorable mention)[5]
Entertainment WeeklyA[6]
The Guardian4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
Paste88/100[8]
Pitchfork Media8.6/10[9]
Rolling Stone4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[10]
Uncut5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[11]
VarietyPositiv[12]

The Bootleg Series Vol. 8 – Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006 er eit samlealbum av Bob Dylan gjeven ut på Legacy Records i 2008. Det var den sjette utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series og kom opphavleg ut på ein dobbel-CD eller ei avgrensa tredobbel vinylplate, i tillegg til ei utvida CD-utgåve med tre plater. Denne sistnemnde utgåva av Tell Tale Signs inneheld ei 56 siders bok med merknader om innspelingane av Larry Sloman, ei bok med bilete, The Collected Single Sleeves of Bob Dylan henta frå Dylan-utgjevingar verda over, i tillegg til ein 7"-vinylsingel med to spor frå samlinga: «Dreamin' of You» og «Ring Them Bells».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet omfattar innspelingane frå Oh Mercy, World Gone Wrong, Time Out of Mind og Modern Times, i tillegg til fleire songar for filmmusikk og tidlegare konsertopptak frå 1989 og fram til 2006.[13] Samlinga inneheld òg ein song frå eit skrinlagd album Dylan hadde byrja på med David Bromberg i 1992, og Dylan sin duett med Ralph Stanley, «The Lonesome River».

Sjølv om Under the Red Sky, Good as I Been to You og Love and Theft alle vart spelte inn på denne tida, er det ingen songar frå innspelinga av desse på Tell Tale Signs. Ein alternativ versjon av «Series of Dreams» var òg med på Vol. 3 av Bootleg Series. «Dreamin' of You», eit unytta spor frå Time Out of Mind-innspelingane, vart tilbydd som gratis nedlasting frå heimesida til Bob Dylan og vart òg send til radiostasjonar som ein promosingel.

I den første veka av oktober 2008 vart heile albumet gjort tilgjengeleg for gratis strøyming på den offisielle nettsida til National Public Radio.[14]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet debuterte på sjetteplassen på Billboard-lista og selde over 600 000 eksemplar fram til 2010. Dette vart det 17. albumet til Dylan som nådde Topp 10 i USA. I Noreg nådde albumet fjerdeplassen. Albumet har fått ein poengsum på 86% på MetaCritic.[1] Det vart òg kåra til det nest beste albumet i 2008 av Rolling Stone.[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde.

Plate ein
# TittelOpphav Lengd
1. «Mississippi»  Ikkje utgjeven før, Time Out of Mind 6:04
2. «Most of the Time»  Alternativ versjon, Oh Mercy 3:46
3. «Dignity»  Pianodemo, Oh Mercy 2:09
4. «Someday Baby»  Alternativ versjon, Modern Times 5:56
5. «Red River Shore»  Ikkje utgjeven før, Time Out of Mind 7:36
6. «Tell Ol' Bill»  Alternativ versjon av songen frå filmen North Country 5:31
7. «Born in Time»  Ikkje utgjeven før, Oh Mercy 4:10
8. «Can't Wait»  Alternativ versjon, Time Out of Mind 5:45
9. «Everything Is Broken»  Alternativ versjon, Oh Mercy 3:27
10. «Dreamin' of You»  Ikkje utgjeven før, Time Out of Mind 5:54
11. «Huck's Tune»  Frå filmen Lucky You 4:09
12. «Marchin' to the City»  Ikkje utgjeven før, Time Out of Mind 6:36
13. «High Water (For Charley Patton)»  Live, 23. august 2003, Niagara Falls, Ontario, Canada 6:40
Plate to
# TittelOpphav Lengd
1. «Mississippi»  Alternativ versjon 2, Time Out of Mind 6:24
2. «32-20 Blues»  Ikkje utgjeven før, World Gone Wrong 4:22
3. «Series of Dreams»  Ikkje utgjeven før, Oh Mercy 6:27
4. «God Knows»  Ikkje utgjeven før, Oh Mercy 3:12
5. «Can't Escape from You»  Ikkje utgjeven før, innspelt desember 2005 5:22
6. «Dignity»  Ikkje utgjeven før, Oh Mercy 5:25
7. «Ring Them Bells»  Live, The Supper Club, 17. november 1993, New York, NY 4:59
8. «Cocaine Blues»  Live, 24. august 1997, Vienna, VA 4:40
9. «Ain't Talkin'»  Alternativ versjon, Modern Times 6:13
10. «The Girl on the Greenbriar Shore»  Live, 30. juni 1992, Dunkerque i Frankrike 2:51
11. «Lonesome Day Blues»  Live, 1. februar 2002, Sunrise, FL 7:37
12. «Miss the Mississippi»  Ikkje utgjeven før, 1992 3:20
13. «The Lonesome River» (med Ralph Stanley)  3:04
14. «Cross the Green Mountain»  frå filmen Gods and Generals 8:15
15. «Love Sick»  Live, bonusspor på iTunes 5:40

Luksusutgåva[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle nettsida til Dylan tilbaud ei luksusutgåve av albumet, inkludert ei 150-siders bok og ei bonusplate. Fans som førehandstinga luksussamlinga direkte frå nettsida fekk òg ein eksklusiv 7"-vinylsingel. Dei første 5000 bestillingane fekk òg ein plakat frå Theme Time Radio Hour poster.[16] The Bootleg Series Vol. 8 vart òg gjeven ut på vinyl med fire 180-gramsplater, i tillegg til digital nedlasting og ein 12" x 12" versjon av ei bok skriven av Sloman.[17]

Bonusplate
# TittelOpphav Lengd
1. «Duncan & Brady» (tradisjonell)Ikkje utgjeven før, 1992 3:47
2. «Cold Irons Bound»  Live, Bonnaroo, 2004 5:57
3. «Mississippi»  Alternativ versjon #3, Time Out of Mind 6:24
4. «Most of the Time»  Alternativ versjon #2, Oh Mercy 5:10
5. «Ring Them Bells»  Alternativ versjon, Oh Mercy 3:18
6. «Things Have Changed»  Live, 15. juni 2000, Portland, OR 5:32
7. «Red River Shore»  Ikkje utgjeven før, versjon #2, Time Out of Mind 7:08
8. «Born in Time»  Ikkje utgjeven før,, versjon #2, Oh Mercy 4:19
9. «Tryin' to Get to Heaven»  Live, 5. oktober 2000, London, England 5:10
10. «Marchin' to the City»  Ikkje utgjeven før, versjon #2, Time Out of Mind 3:39
11. «Can't Wait»  Alternativ versjon #2, Time Out of Mind 7:24
12. «Mary and the Soldier» (tradisjonell)Ikkje utgjeven før, World Gone Wrong 4:23
7" vinyl
# TittelOpphav Lengd
1. «Dreamin' of You» (singelutgåve)Ikkje utgjeven før, Time Out Of Mind 3:34
2. «Ring Them Bells»  Alternativ versjon, Oh Mercy 3:18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]