The Boston News-Letter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boston News-Letter
Boston News-Letter (first issue).jpeg
Førsteutgåva av The Boston News-Letter
TypeVekeavis
FormatFullformat
Grunnlagd24. april 1704; 316 år sidan (1704-04-24)
Nedlagd29. februar 1776 (71 år)
EigararJohn Draper, Richard Draper
Redaktør(ar)John Campbell (1704–1722)
Bartholomew Green, Jr. (1722–1732)
Margaret Green Draper (1774–1776)
SpråkEngelsk
HovudkvarterBoston i Massachusetts

The Boston News-Letter var ei avis som kom ut for første gong 24. april 1704, og er rekna som første jamleg utgjevne avisa i Britisk Nord-Amerika. Ho var støtta av dei britske styresmaktene, og alle utgåver blei godkjende av guvernøren.[1]

Den aller første nyheitspublikasjonen i koloniane var Publick Occurrences Both Forreign and Domestick, som kom ut med si første og einaste utgåve 25. september 1690. I 1718 kom Weekly Jamaica Courant[2] ut i Kingston på Jamaica. Frå 1726 blei Boston Gazette gjeven ut av Bartholomew Green, Jr..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carrol, Glenn R; Hannan, Michael T. (August 1989). «Density Dependence in the Evolution of Populations of Newspaper Organizations». American Sociological Review 54 (4): 528. JSTOR 2095875. doi:10.2307/2095875. 
  2. Woodard, Colin (8. desember 2007). «Have you seen me? The hunt for the Weekly Jamaica Courant». Republic of Pirates Blog. Henta 27. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]