The Boys Are Back in Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Boys Are Back in Town
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Jailbreak
B-side

«Emerald» eller «Jailbreak»

Språk engelsk
Utgjeve April 1976
Sjanger
Lengd 4:29 (album)
4:53 (full versjon)
3:11 (singel)
Selskap Vertigo (Storbritannia)
Mercury (USA)
Komponist Phil Lynott
Tekstforfattar Phil Lynott
Låtskrivar(ar) Phil Lynott
Produsent John Alcock
Thin Lizzy-kronologi 
«Wild One»
(1975)
The Boys Are Back in Town «Jailbreak»
(1976)


«The Boys Are Back in Town» er ein song av det irske hardrockbandet Thin Lizzy. Songen vart opphavleg gitt ut i 1976 som den første singelen frå albumet Jailbreak. Han blir av Rolling Stone rekna for å vera den beste songen til bandet, og dei plasserte han 272. plassen på 2021-utgåva av lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1]

Informasjon om singelutgivinga[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege britiske singelutgivinga frå 1976 hadde albumsporet «Emerald» som B-side, men i nokre territorium vart «Jailbreak» vald. Singelen vart remiksa og gitt ut på nytt i fleire format i mars 1991 etter suksessen med singelen «Dedication», og nådde 63. plassen i Storbritannia.[2] Ein 12" EP inneheldt ekstraspora «Johnny the Fox Meets Jimmy the Weed», «Black Boys on the Corner» og eit konsertopptak av «Me and the Boys».

Kort tid etter den britiske singelutgivinga av «The Boys Are Back In Town» valde BBC Radio 1-DJ-en Tony Blackburn denne singelen som sin «Record of the Week», og han vart spelt dagleg under morgonshowet hans.

Det er mange teoriar om inspirasjonen bak «The Boys Are Back in Town», sjølv om ingen har vorte verifiserte.[3] Ein teori er at det handlar om Quality Street Gang.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Det var 1976 og me turnerte i Amerika», minnest Scott Gorham. «Jailbreak selde ikkje, og me selde ingen billettar». Bandet vart overraska over å høyra frå manageren sin at «The Boys Are Back in Town» var i ferd med å bli ein hit, spesielt sidan songen ikkje var blant dei ti songane bandet opphavleg hadde valt til albumet. Gorham tilskreiv den uventa suksessen til songen til to DJ-ar i Louisville i Kentucky som «spelte han ustanseleg heilt til andre stasjonar i nærområdet plukka han opp ... Hadde ikkje den songen sett i gang salet av albumet, så hadde bandet vore over.»[5][6]

I 2004 vart songen plassert på 499. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene,[7] men vart ikkje inkludert i 2010-oppdateringa. Han kom likevel inn på lista igjen i 2021-oppdateringa på ei endå høgare plassering enn før, som nummer 272.[1] Rolling Stone roste vokalist og bassist Phil Lynott si «gæliske sjel» og sa at «tvillinggitarane til Scott Gorham og Brian Robertson» var «avgjerande for suksessen til songen».[8] Songen blir spelt på dei fleste irske rugbykampar,[9] og har dukka opp i ei rekkje reklamefilmar, seinast i ein reklame i 2019 for Applebee's, TV-seriar og spelefilmar. I mars 2005 plasserte magasinet Q «The Boys Are Back in Town» som nr. 38 på lista si over dei 100 beste gitarlåtane.[10] Songen vann i 1976 ein NME-pris for beste singel.[11]

Songen er blitt brukt i ulike trailerar for Disney Pixar-filmane Toy Story og Toy Story 2, og Rick and Morty sin 4. sesong, og høyrest òg i actionfilmen Navy SEALs frå 1990, i komediefilmen Detroit Rock City, og i videospela Saint's Row IV og MLB The Show 23.

Under den republikanske nasjonalforsamlinga i 2012 vart songen brukt til å introdusera dåverande visepresidentkandidat Paul Ryan på scena. Denne uautoriserte bruken av songen skapte kontrovers. Både mor til Lynott, Philomena Lynott, og Thin Lizzy-gitaristen Gorham kritiserte bruken, og indikerte at Lynott ikkje ville ha ønska at musikken hans skulle brukast til noko politisk føremål, inkludert å støtta politikarar, og dessutan truleg ville ha protestert mot politikken til Ryan og medkandidaten hans Mitt Romney.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976–1977) Plassering
Australia (Kent Music Report)[12] 55
Canada RPM 100[13] 8
Irland 1
UK Singles Chart 8
US Billboard Hot 100[14] 12
US Cash Box Top 100 10
Liste (1991) Plassering
Ireland[15] 16
UK[2] 63

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Rank
Canada[16] 93
US Billboard Hot 100[17] 97
US Cash Box[18] 91

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[19] Platina 600 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Happy Mondays-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Ein coverversjon av «The Boys Are Back in Town» vart den siste topp 40-singelen for Manchester-bandet Happy Mondays (med vokalist Shaun Ryder og dansar Bez), då han nådde ein 24. plass på UK Singles Chart i mai 1999.[20][21] Ifølgje bandet meinte dei sjølv at versjonen deira ikkje var ein rein cover, men ei plate «inspirert av Phil Lynott-låten, men som ikkje høyrest ut som originalen».[22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «500 Best Songs of All Time». rollingstone.com. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. september 2021. Henta 16. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 «The Boys Are Back in Town (1991) Record details». 45cat.com. Arkivert frå originalen 7. september 2012. Henta 17. juni 2011. 
  3. Bailie, Stuart - Jailbreak album sleeve notes
  4. «Phil Lynott's mother recalls exciting days in Manchester». Manchester Evening News. 28. februar 2011. Arkivert frå originalen 14. juni 2018. Henta 23. juni 2018. 
  5. Barton, Geoff, Dome, Malcolm, Kendall, Jo, Ling, Dave: «The night I set Phil Lynott's todger on fire and other stories»; Classic Rock #219, 2016. februar p. 55
  6. Ling, Dave (26. mars 2016). «Scott Gorham on 40 Years of Thin Lizzy's Jailbreak». Classic Rock. Arkivert frå originalen 31. desember 2021. Henta 31. desember 2021. 
  7. «The RS 500 Greatest Songs of All Time (1-500)». Rolling Stone. 9. desember 2004. Arkivert frå originalen 30. mars 2009. 
  8. «News». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. desember 2006. Henta 27. juli 2016. 
  9. «Comic Relief does Fame Academy - Home». BBC. 24. september 2014. Arkivert frå originalen 25. september 2015. Henta 27. juli 2016. 
  10. «Rocklist.net... Q Magazine Lists». Rocklistmusic.co.uk. Arkivert frå originalen 13. oktober 2018. Henta 27. juli 2016. 
  11. «1976 - NME». 28. februar 1976. Arkivert frå originalen 23. januar 2018. Henta 22. januar 2018. 
  12. «Forum – 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 2. juni 2016. Henta 4. desember 2016. 
  13. Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Image : RPM Weekly». Arkivert frå originalen 8. januar 2018. Henta 23. april 2023. 
  14. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990ISBN 0-89820-089-X
  15. «Irish Charts – Thin Lizzy». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 14. mai 2011. Henta 27. juli 2016. 
  16. «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 19. mars 2016. Henta 15. desember 2016. 
  17. «Top 100 Hits of 1976/Top 100 Songs of 1976». www.musicoutfitters.com. Arkivert frå originalen 7. mars 2004. Henta 15. desember 2016. 
  18. «Cash Box YE Pop Singles – 1976». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 20. oktober 2018. Henta 15. desember 2016. 
  19. «British single salstrofé – Thin Lizzy – The Boys Are Back in Town». British Phonographic Industry.  Enter The Boys Are Back in Town in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  20. «Happy Mondays | full Official Chart History». Officialcharts.com. Arkivert frå originalen 1. mai 2021. Henta 7. desember 2021. 
  21. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5. utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 421–422. ISBN 1-84195-017-3. 
  22. «MONDAYS SKANK YOUR WAY IN MAY». NME. 14. mars 1999. Arkivert frå originalen 2. desember 2021. Henta 7. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]