The Challengers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Challengers
OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1962–1970
SjangerSurf, folkrock, psykedelisk folk, poprock
Tilknytte artistarThe Clee-Shays, The Surfriders, The Good Guys, The De-Fenders
PlateselskapVault, GNP, Rhino, World Pacific, Sundazed, Fantasy, Teichiku Records (Union)

The Challengers var eit instrumentalt surferockband frå seint i 1962. Dei heldt til i Los Angeles. Debutalbumet deira Surfbeat var eit av dei mestseljande surfealbuma gjennom tidene og var medverkane til å føre surfemusikken frå California til resten av verda.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Bandet vart skipa av bandmedlemmar frå eit av dei aller første surfebanda, The Bel-Airs. The Bel-Airs hadde hatt ein hit me singelen «Mr. Moto». The Bel-Airs vart opphavleg skipa av to gitaristar, Eddie Bertrand og Paul Johnson, som begge var 16 år gamle då dei spelte inn «Mr. Moto». Tidleg i 1963 høyrde Eddie Bertrand Dick Dale bruke klangeininga til Fender og ønskte å bruke meir klang i songane til The Bel-Airs. Han meinte dette var lyden som kom til å definere surfemusikken. Johnson var usamd og dei vart så usamde at Bertrand til slutt slutta i gruppa.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Frå 1961 til sommaren 1963 hadde The Bel-Airs to trommeslagarar som vekselvis spelte konsertar med bandet, Dick Dodd (Eddie & the Showmen og The Standells) og ein lokal skuleven, Richard Delvy. Delvy satsa sidan på ein karriere innan managament og produksjon av surfemusikk. Året før The Bel-Airs vart oppløyst slutta Richard Delvy i The Bel-Airs for å skipe eit nytt band kalla The Challengers. Det einaste bandmedlemmet han tok med seg frå The Bel-Airs var klaverspelaren Jim Roberts. Delvy henta sån inn Randy Nauert (bassgitar), Glenn Grey (sologitar), Don Landis (rytmegitar) og Nick Hefner (saksofon). Dei spelte på mange skulekonstar, lokale dansar og klubbar. Etter kvart hadde dei tent nok pengar til å leige studiotid for å gjere ei innspeling. På tre og ein halvtime hadde dei spelt inn albumet kalla Surfbeat. Saksofonisten Nick Hefner spelte berre på ein song.

Surfbeat kom ut i januar 1963 på Vault Records og klatra raskt på salslistene. Berre månader før hadde The Beach Boys gjeve ut songen «Surfing Safari». Nokre månader før The Challenger gav ut Surfbeat gav surfeikonet Dick Dale ut debutalbumet Surfers' Choice. Surfbeat inneheldt songar som vart viktige inspirasjonskjelder for surferocken, mellom anna songar spelte inn av The Fireballs og Duane Eddy. Den første tida teikna Rick Griffin teikningar av badet som kom med på albumet eira. Han vart seinre kjend for å skape psykedeliske plakatar i 1960-åra.

Den originale gruppa gav ut det andre albumet sitt, Lloyd Thaxton Goes Surfing With The Challengers.

Suksessår[endre | endre wikiteksten]

The Challengers spelte inn fleire album. Under innspelinga av det tredje albumet, On The Move, hadde Hefner, Grey, Roberts og Landis alle slutta i bandet. Richard Delvy og Randy Nauert var att. Art Fisher og Ed Fournier spelte no gitar og Phil Pruden kom inn på saksofon. Delvy, Fisher og Fournier skreiv òg songar for gruppa.

I 1964 gav dei ut hitalbumet K-39. Tittelsporet vart ein stor hit og ein av dei mest kjende songane deira. Gurppa fortsette ein suksessrik karriere og spelte inn fleire album i året. Dei hadde òg sitt eige TV-show verten Stan Richards i 1965-1966 og var ofte å sjå på eit anna danseshow kalla Hollywood A Go-Go. Saksofonisten Phil Pruden slutta i gruppa etter utgjevinga av California Kicks i 1966 og The Challengers vart eit firemannsband resten av tida dei eksisterte. På denne tida vrt gruppa og surfemusikken særleg populære i Japan. Dette førte til at det vart danna fire grupper med medlemmar frå The Challengers. The Surfriders, The Good Guys, The Clee-Shays og The De-Fenders gav alle ut album i utlandet.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

The Challengers har spelt enkelte konsertar i 1980-åra. I 1995 kom dei saman att med nokre nye medlemmar for å spele inn albumet New Wave, produsert av bandleiaren Richard Delvy.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Challengers
År Albumtittel
1963 Surfbeat
1963 Lloyd Thaxton Goes Surfing With The Challengers
1963 On The Move
1964 K-39
1964 Sidewalk Surfing!
1964 At The Teenage Fair
1965 The Man From U.N.C.L.E.
1965 Surf's Up
1966 California Kicks
1966 A Go Go
1966 Wipe Out!
1967 Billy Strange And The Challengers
1969 Light My Fire
1970 Vanilla Funk
1995 New Wave

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Where Were You In The Summer Of '62? (1970)
  • Killer Surf! The Best Of The Challengers (1994)
  • Tidal Wave! (1995)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]