The Chantels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Chantels
OpphavThe Bronx i New York i USA
Aktiv1957–70, sidan 1999
SjangerTradisjonell pop, doo wop, rock and roll
PlateselskapCarlton
Tidlegare medlemmerArlene Smith
Sonia Goring Wilson
Renée Minus White
Lois Harris Powell
Jackie Landry Jackson
Annette Smith
Sandra Dawn
Helen Liebowitz Powell
Yvonne Fair

The Chantels var den andre afroamerikanske jentegruppa som fekk nasjonal suksess i USA, etter The Bobbettes. Gruppa vart skipa tidleg i 1950-åra av studiner som gjekk på St. Anthony of Padua School i The Bronx. Dei originale fem medlemmane var Arlene Smith (førstestemme), Sonia Goring Wilson (fødd Millicent Goring), Renée Minus White, Jackie Landry Jackson og Lois Harris. Dei tok namnet sitt frå ein konkurrerande skule, St. Frances de Chantal.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1957 hadde The Chantels, som då var på high school, sunge i grupper i fleire år. I motsetnad til somme svarte grupper som var basert på gospel, var kvintetten påverka av klassisk musikk og latinske salmar.[1] Førstevokalisten Arlene Smith hadde tatt songtimar og sunge klassisk song i Carnegie Hall då ho var 12.[1] Ho skreiv både tekst og musikk.[1] Jentene vart oppdaga av Richard Barrett, førstevokalisten i The Valentines, og innan sommaren 1957 fekk dei kontrakt med End Records, eigd av George Goldner.[1] Den første singelen deira var «He's Gone» (Pop #71) i august 1957, skriven av Arlene Smith.[1] Den andre singelen deira kom i desember 1957, «Maybe», og vart ein hit (15. plassen på Billboard Hot 100; andreplassen R & B-lista) i januar 1958. Singelen selde over ein million eksemplar og dei fekk gullplate.[2] Dei neste utgjevingane var mindre populære men End gav ut eit album kalla We Are the Chantels. Det originale omslaget hadde eit bilete av gruppa. Albumet vart raskt trekt attende og sendt ut på ny med eit nytt bilete av tok kvite tenåringar som valde ut ein song, og tittelen vart korta ned til The Chantels.[3]

Gruppa var droppa av End i 1959 og Arlene Smith starta ein solokarriere. Harris slutta for å studere. Det året vart Chantel-singlane leia av Richard Barrett gjevne ut på End-etiketten Gone.[4] I 1960 erstatta Annette Smith (som ikkje er i slekt med Arlene) Arlene Smith. Som kvartett flytta gruppa til Carlton Records, der dei hadde sin andre store hit med «Look in My Eyes» (#14 pop, #6 R&B). Andre utgjevingar på Carlton gjorde det ikkje så bra. Ein song var «Well I Told You,» eit svar til Ray Charles-songen «Hit the Road, Jack».[1] Eit Carlton-album kom ut i 1962 og heitte The Chantels on Tour, men inneheldt ingen konsertopptak og berre sju songar som faktisk var innspelte av ruppa. Dei andre tre songane var av Gus Backus, Chris Montez og Little Anthony & The Imperials.[5][6] For å utnytte suksessen til «Look in My Eyes», sette End saman eit album kalla There's Our Song Again, ei samling av tidlegare innspelte songar.[3]

The Chantels byta plateselskap eit par gonger til. Sjølv om besetninga endra seg gjennom 1960-åra, var dei faste medlemmane i gruppa Jackie Landry, Sonia Goring og Renee Minus. Denne besetninga, i tillegg til Arlene Smith, spelte inn ein enkelt singel for RCA i 1970. Smith fronta ei ny gruppe kalla Chantels i 1970-åra med den komande discodivaen Carol Douglas og den tidlegare Gems-vokalisten Louise Bethune (som òg vart medlem i The Crystals i 1970-åra). Smith forsette med solokarrieren sin. I 1995 kom det originale Chantels saman att og hyrte Noemi (Ami) Ortiz som førstesongar.

The Chantels vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame i 2002.[7] I 2001 vart dei nominerte til å innlemmast i Rock and Roll Hall of Fame,[8] men fekk ikkje nok stemmer til å innlemmast før i 2010.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • We Are The Chantels (1958, End)
  • There's Our Song Again (1961, End)
  • The Chantels On Tour (1962, Carlton)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Titlar (A-side, B-side)
Begge sider frå same album, utanom der anna er nemnt
Lister Album
US US
R&B
1957 «He's Gone»
med «The Plea»
71 We Are The Chantels
1958 «Maybe»
med «Come My Little Baby»
15 2
«Every Night (I Pray)»
med «Whoever You Are»
39 16
«I Love You So»
med «How Could You Call It Off» (Ikkje albumspor)
42 12
«If You Try»
med «Congratulations»
«Prayee»
med «Sure Of Love» (frå We Are The Chantels)
Ikkje albumspor
1959 «I Can't Take It»
med «Never Let Go» (frå There's Our Song Again)
«Summer's Love»
med «All Is Forgiven»
93 29
«Goodbye To Love»
med «I'm Confessin' (That I Love You)»
There's Our Song Again
1960 «How Could You Call It Off»
med «Whoever You Are» (frå We Are The Chantels)
Ikkje albumspor
1961 «Look In My Eyes»
med «Glad To Be Back»
14 6 On Tour
«I'm The Girl»
med «There's Our Song Again»
There's Our Song Again
«Well I Told You»
med «Still»
29 On Tour
1962 «Here It Comes Again»
med «Summertime»
118
1963 «Eternally»
med «Swamp Water»
77 Ikkje albumspor
1966 «There's No Forgetting You»
med «Take Me As I Am»
«You're Welcome To My Heart»
med «Soul of a Soldier»
«Indian Giver»
med «It's Just Me»
1969 «Maybe»
med «He's Gone»
116 We Are The Chantels
1970 «Love Makes All The Difference In The World»
med «I'm Gonna Win Him Back»
Ikkje albumspor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «The Chantels». History-of-rock.com. Henta 21. februar 2018. 
  2. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 98. ISBN 0-214-20512-6. 
  3. 3,0 3,1 «End Label Album Discography». Bsnpubs.com. Arkivert frå originalen 22. mai 2017. Henta 21. februar 2018. 
  4. Warner, Jay (2006). American Singing Groups: A History from 1940s to Today (på engelsk). Hal Leonard Corporation. s. 106–107. ISBN 9780634099786. Henta 21. februar 2018. 
  5. «Carlton Album Discography». Bsnpubs.com. Henta 21. februar 2018. 
  6. «Carlton Album Discography, Part 1». Bsnpubs.com. 27. mai 2011. Henta 21. februar 2018. 
  7. «Inductees». The Vocal Group Hall of Fame Fojundation. Arkivert frå originalen 19 July 2017. Henta 21. februar 2018. 
  8. Wiederhorn, Jon (17. september 2001). «Spirit Of '77: Ramones, Pistols Nominated For Hall Of Fame». MTV. Henta 21. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]