The Chicago Transit Authority av Chicago Transit Authority

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Chicago Transit Authority
Studioalbum av Chicago Transit Authority
Utgjeve 28. april 1969
Innspelt 27. til 30. januar 1969 ved Columbia Recording Studios i New York
Sjanger Jazzfusion, progressiv rock, hardrock
Lengd 76:36
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Chicago Transit Authority-kronologi
The Chicago Transit Authority Chicago
(1970)
Singlar frå The Chicago Transit Authority
  1. «Questions 67 and 68»
    Utgjeve: Juli 1969
  2. «Beginnings»
    Utgjeve: Oktober 1969
  3. «Does Anybody Really Know What Time It Is?»
    Utgjeve: Oktober 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Chicago Transit Authority er debutalbumet til det Chicago-baserte rockebandet Chicago Transit Authority, som seinare skifta namn til Chicago. Det vart spelt inn og gjeve ut i 1969.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då bandet kom i gang i 1967 vart det først kalla «The Missing Links». Så vart namnet endra til «The Big Thing», før dei tok namnet The Chicago Transit Authority då produsent James William Guercio byrja å arbeide med dei i 1968. Varemerket deira var å blande blåsarar og jazz med ein sjelfull rock and roll og Guercio følte raskt at dette skulle bli ein suksess, og prøvde å få plateselskapet hans til å gje dei kontrakt.

The Chicago Transit Authority fekk kontrakt med Columbia Records seint det året og innspelinga av det første albumet byrja seint i januar. Guercio hadde nyleg produsert det andre albumet til Blood, Sweat & Tears (som vart ein stor hit), for å få nok pengar for Chicago. Mot slutten av innspelinga av The Chicago Transit Authority, var det klart at albumet måtte bli eit dobbeltalbum, det første av tre. Columbia var særs skeptisk, sidan Chicago så langt ikkje hadde noko å vise til, og gjekk berre med på å gje ut det doble albumet, om gruppa gjekk med på lågare honorar.

Den opphavlege besetninga var klaverspelaren Robert Lamm, gitaristen Terry Kath og bassisten Peter Cetera, som alle delte på å syngje solo, medan James Pankow, Lee Loughnane og Walter Parazaider spelte blåseinstrument og Danny Seraphine spelte trommer. Lamm, Kath og Pankow var dei viktigaste låtskrivarane i bandet på denne tida. Kath var så dyktig på gitar at sjølv Jimi Hendrix vart ein stor fan. I følgje det opphavlege plateomslaget vart soloen til Kath på «Free Form Guitar» skapt utan pedalar. Det var ein vink til Hendrix sin gitarekspressjonisme (Hendrix var kjend for å bruke wah- og fuzzpedalar). Kath plugga i staden gitaren direkte inn i studioforsterkaren og improviserte heile sporet i eit opptak for å få ein rein tone. «Free Form Guitar» er òg kjend for å ha inspirert sjangeren støymusikk.

Albumet kom ut i april 1969 som The Chicago Transit Authority (stundom berre kalla «CTA») og vart raskt ein stor hit. Det nådde 17. plassen på albumlista i USA og niandeplassen i Storbritannia. Musikkpressa tykte òg om albumet, men det hadde ingen hitsinglar og gruppa vart rekna som eit albumorientert kollektiv. I 1970 og 1971 vart «Does Anybody Really Know What Time It Is?» (7. plass), «Beginnings» (7. plass) og «Questions 67 and 68» (24. plass) alle forseinka hittar. Med suksessen til dei seinare albuma, låg albumet inne på den amerikanske albumlista i 171 veker, som då var rekord, og selde til gullplate og seinare dobbel platina.

Då bandet turnerte med albumet, truga det eigentlege Chicago Transit Authority med søksmål, og gruppa vart tvungen til å endre namn, og dei forkorta det ned til berre Chicago.

I 2002 vart The Chicago Transit Authority mastra på ny og gjeve ut på ein enkel CD av Rhino Records. Men for å få plass på CD-plata korta Rhino Records ned nokre av songane, mellom anna uttoninga på «Questions #67 and #68» (seks sekundar lenger på LP-plata) og «Free Form Guitar» (fem sekund lenger), og den 10 sekundar lange pausen mellom «Someday» og «Liberation».

I 1975 vart albumet òg miksa i kvadrofonisk lyd og gjeve ut som ein SQ-koda LP (GQ-33255) og på åttesporslydband. I 2010 gav Rhino Handmade ut den originale kvadrofoniske miksen av albumet på ein avgrensa DTS DVD.

Chicago Transit Authority er det einaste Chicago-albumet som er oppført i 1001 Album You Must Hear Before You Die.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Introduction»  KathKath 6:35
2. «Does Anybody Really Know What Time It Is?»  LammLamm 4:35
3. «Beginnings»  LammLamm 7:54
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
4. «Questions 67 and 68»  LammCetera/Lamm 5:03
5. «Listen»  LammLamm 3:22
6. «Poem 58»  LammLamm 8:35
Side tre
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
7. «Free Form Guitar»  Kath  6:47
8. «South California Purples»  LammLamm 6:11
9. «I'm a Man»  Winwood/MillerKath/Cetera/Lamm 7:43
Side fire
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
10. «Prologue, August 29, 1968»  Guercio  0:58
11. «Someday (August 29, 1968)»  Pankow/LammLamm/Cetera 4:11
12. «Liberation»  PankowKath (kort, nær slutten) 14:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent, tekst i omslaget - James William Guercio
  • Lydkteknikar - Fred Catero
  • Innspelt og miksa i Columbia Recording Studios, New York
  • Omslag av Nick Fasciano

Lister[endre | endre wikiteksten]

The Chicago Transit Authority (Columbia 8) nådde 18. plassen i USA og låg inne på lista i heile 171 veker. Det nådde òg niandeplassen i Storbritannia.

Album

År Liste Plassering
1969 Billboard Pop Album 17
1969 UK Pop Album 9

Singlar

År Single Liste Plassering
1969 "Questions 67 and 68" Billboard Pop Singles 71
1970 "Does Anybody Really Know What Time It Is?" Billboard Pop Singles 7
1971 "Beginnings" Billboard Pop Singles 7
1971 "Questions 67 and 68" Billboard Pop Singles 24
1971 "I'm a Man" Billboard Pop Singles 49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Chicago Transit Authority av Chicago Transit AuthorityAllmusic
  2. «Rocklist.net...Steve Parker...1001 Album». Rocklistmusic.co.uk. Henta 17. oktober 2015.