The Chieftains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Chieftains

The Chieftains på scenen i 2008
OpphavDublin i Irland
AktivSidan 1962
SjangerTradisjonell irsk musikk
Irsk folkemusikk
Keltisk
Tilknytte artistarCeoltóirí Chualann
Carlos Núñez
PlateselskapCladdagh, Island, RCA
MedlemmerPaddy Moloney
Kevin Conneff
Matt Molloy
Tidlegare medlemmerSeán Potts
Michael Tubridy
David Fallon
Martin Fay
Peadar Mercier
Seán Keane
Derek Bell
Ronnie McShane
PrisarCastelao-medaljen

The Chieftains er eit tradisjonelt irsk band, skipa i Dublin i 1962 av Paddy Moloney, Sean Potts og Michael Tubridy. Stilen deira, som nesten er heilt instrumental, er hovudsakleg bygd opp kring irsk sekkepipe og har blitt synonymt med tradisjonell irsk musikk og dei vert rekna som ein av artistane som var med å gjere irsk musikk populær verda over.[1] Dei har vunne seks Grammyprisar gjennom karrieren og fekk ein ærespris på den prestisjetunge BBC Radio 2 Folk Awards i 2002. Somme musikkekspertar[2] har rekna The Chieftains som ansvarleg for å bringe tradisjonell irsk musikk ut i verda, i så stor grad at den irske regjeringa gav dei ærestittelen 'Dei musikalske ambassadørane til Irland' i 1989.[3]

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Paddy Moloney med Bob Dylan, som er fan av bandet.

Bandet har blitt kjend for alle samarbeida med populære musikarar innan mange sjangrar, inkludert country, gælisk tradisjonell musikk, Newfoundland-musikk og rock and roll.

Dei har mellom anna spelt med:

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande
Tidlegare medlemmar
  • Seán Potts – tinnfløyte, bein, bodhrán (1962–1979; død 2014)
  • Michael Tubridy – fløyte, concertina, tinnfløyte (1962–1979)
  • David Fallon – bodhrán (1962–1966)
  • Martin Fay – fele, bein (1962–2002; død 2012)
  • Peadar Mercier – bodhrán, bein (1966–1976; død 1991)
  • Seán Keane – fele, tinnfløyte (1968–2002; stundom etter det)
  • Derek Bell – irsk harpe, klaverinstrument, obo (1975–2002; død 2002)
  • Ronnie McShane – bein, bodhrán (1975–1976; død 2017)

Turnémusikarar
  • Tim Edey – gitarar, melodeon/trekkspel, piano, korvokal
  • Seamie O'Dowd – gitar, trekkspel (erstatta Tim Edey når han ikkje turnerte)
  • Triona Marshall – klaverinstrument, harp
  • Tara Breen – fele, saksofon, steppedans
  • Alyth McCormack – vokal, steppedans
  • Jon Pilatzke – fele, steppedans
  • Nathan Pilatzke – steppedans
  • Cara Butler – steppedans

Diskografi[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Chieftains... out of this world!». Independent.ie. 3. mars 2012. Henta 5. september 2020. 
  2. «Stephen D. Winick – The Chieftains». Stevewinick.com. 17. mars 1975. Henta 5. september 2020. 
  3. [1] Arkivert 30. mars 2012 ved Wayback Machine.
  4. «Nolwenn Leroy to join The Chieftains in Paris!» Arkivert 5. mars 2016 ved Wayback Machine.. The Chieftains. 20. juni 2012. Henta5. september 2020.
  5. Clerk, Carol Kiss My Arse: The Story of the Pogues, Omnibus Press, 9. oktober 2006, London

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: The Chieftains