The Cinematic Score GTA 5
| The Cinematic Score GTA 5 Videospelmusikk av Tangerine Dream | ||
| Utgjeve | Mars 2014 | |
| Innspelt | 2012-2013 | |
| Studio | Eastgate Studios i Wien og Berlin | |
| Sjanger | elektronisk musikk | |
| Lengd | 1:03:48 | |
| Selskap | Eastgate | |
| Produsent | Edgar Froese | |
| Tangerine Dream-kronologi | ||
|---|---|---|
| The Castle (2013) |
The Cinematic Score GTA 5 | Chandra - The Phantom Ferry Part II (2014)
|
The Cinematic Score GTA 5 er det 142. albumet totalt og det 60. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve mars 2014.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]I 2013 bidrog Tangerine Dream med musikk til videospelet Grand Theft Auto V. Andre artistar som bidrog med musikk var Woody Jackson, Alchemist og Oh No.
I eit intervju med ein fan-blogg fortalte Edgar Froese: «Eg vart kontakta av Rockstar i New York og eg sa 'eg hatar videospel, har aldri laga noko til det', og eg avslo store tilbod frå dei. Etter å ha snakka med sjefen deira fann eg ut kva filosofien var: Arbeid mot etablissementet. Så det er eit sosialt spel. Mange folk forstod ikkje filosofien med spelet. Så eg gjekk med på tilbodet deira.»[1]
Delar av musikken vart gjeven ut som volum 2 av albumet The Music of Grand Theft Auto V. Volum 1 inneheldt ikkje noko musikk av Tangerine Dream, så bandet valde å gje ut ei avgrensa plate med berre komposisjonane som Tangerine Dream hadde bidrege med til spelet.[1] Plata var avgrensa til 2000 eksemplar.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Place of Conclusions» | 5:15 |
| 2. | «Streets of Fortune» | 4:54 |
| 3. | «Mission Possible» | 4:15 |
| 4. | «Downtown Los Santos» | 5:06 |
| 5. | «Blaine County Sunrise» | 5:26 |
| 6. | «Burning the Bad Seal» | 5:17 |
| 7. | «Beyond the Weakest Point» | 6:09 |
| 8. | «Sadness, Grief and Hope» | 4:38 |
| 9. | «Diary of a Robbery» | 5:36 |
| 10. | «Draw the Last Line Somewhere» | 6:13 |
| 11. | «The Dangerous Mile» | 5:42 |
| 12. | «Living on a Razor Edge» | 5:17 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Tangerine Dream
- Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «The Cinematic Score GTA 5». Voices in the Net. Henta 24. juli 2020.