The Clutha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Clutha
Aktiv1964–
Sjangerfolkemusikk

The Clutha var ei skotsk musikkgruppe frå Glasgow som spelte tradisjonsmusikk og gav ut nokre få album på 1970-talet. Medlemmane då gruppa gav ut det fyrste albumet sitt, Scotia, i 1971 var John Eaglesham (vokal, concertina), Erlend Voy (fele, concertina, vokal), Calum Allan (fele), Ronnie Alexander (vokal, gitar) og Gordeanna McCulloch (vokal). Dei same medlemane deltok på Scots Ballads Songs & Dance Tunes frå 1974. Då gruppa gav ut The Bonnie Mill Dams i 1977 hadde Jimmy Anderson blitt medlem, medan Eaglesham hadde forlate gruppa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1957 var Norman Buchan lærar ved Rutherglen Academy, der han skipa ein Ballads Club. Ein av elevane som blei med var Gordeanna McCulloch. Ho blei svært interessert i song, og drog til London for å delta på eit av Ewan MacColl sine helgeseminar ved heimen hans i Beckenham i Kent. Ho song ei kort tid med The Clydesiders, ei gruppe skipa på skulen, og blei med i The Clutha i 1964. Namnet er det latinske namnet på elva Clyde. Gruppa spelte tradisjonell skotsk folkemusikk og song på skotsk.

The Small Pipes[endre | endre wikiteksten]

Då The Clutha fekk med Jimmy Anderson, som spelte låglandsekkepipe på «Bonnie Mill Dams» (1977), var dei pionerar ettersom dette instrumentet knapt hadde vore brukt på hundre år, og ikkje tidlegare spelt inn. Dei vann Peter Cooke Cup for skotske ceilidh-grupper i 1971, 1972 og 1973. Sjølv om dei ikkje spelte inn noko att før i 2001, fortsette dei å spela for ceilidh-dansar. I 2001 gav The Clutha ut albumet On the Braes, med Ronnie Alexander (vokal, gitar), Erlend Voy (fele, concertina, vokal), Callum Allan (fele), Gordeanna McCulloch (vokal) og Tom Johnstone (sekkepipe).

McCulloch solo[endre | endre wikiteksten]

I 1965 var McCulloch med på eit samlealbum på Topic Records. I 1978 gav ho ut sitt eige soloalbum, Sheath and Knife, der ho spelte inn ukjende skotske folkesongar. Sidan har ho vore med på seks andre samlealbum og spelt inn eit nytt soloalbum. I staden for McCulloch rekrutterte gruppa Heather Heywood til songar under ein turne.[1]

McCulloch døydde i 2019.[2]

Norman Buchan MP[endre | endre wikiteksten]

Buchan blei eit parlamentsmedlem for Labour, og skipa til Edinburgh Folk Festival i ei årrekkje.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

The Clutha

  • Scotia! (1971, Argo ZFB18 stereo)
  • The Streets of Glasgow (1973, Topic 12TS226 stereo-samlealbum med andre tradisjonsmusikarar frå Glasgow)
  • Scots Ballads Songs & Dance Tunes (1974, Topic 12TS242 stereo)
  • The Bonnie Mill Dams (1977, 12TS330 stereo)
  • On The Braes (2001)
  • Live from Harvard (2019, frå ein konsert i 2018)

Gordeanna McCulloch

  • New Voices From Scotland (1965, 12T133)
  • Sheath and Knife (1978, Topic 12TS370, med The Clutha som akkompagnement)
  • In Freenship's Name (1999)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Heather Heywood - feature article in the Living Tradition magazine». www.folkmusic.net. Arkivert frå originalen 11. oktober 2008. Henta 17. mai 2018. 
  2. Gordeanna McCulloch (1946 - 2019); Scottish Traditional Music Hall of Fame; accessed 12 June 2019