The Coasters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Coasters

The Coasters, 1957
OpphavLos Angeles
USA
Aktiv1955–1982
SjangerRhythm and blues, rock and roll
Tilknytte artistarThe Robins
PlateselskapAtco (1955-1966)
Date, King (1966-1972)
MedlemmerJ.W. Lance
Primotivo Candelaria
Robert Fowler
Dennis Anderson
Tidlegare medlemmerCarl Gardner (død)
Billy Guy (død)
Bobby Nunn (død)
Leon Hughes
Adolph Jacobs (død)
Young Jessie
Will «Dub» Jones (død)
Cornell Gunter (død)
Albert «Sonny» Forriest (død)
Earl Carroll (død)
Thomas «Curley» Palmer
Vernon Harrell (død)
Ronnie Bright (død)
Jimmy Norman (død)
Alvin Morse
Carl Gardner Jr.
Eddie Whitfield
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Coasters er ei USA-amerikansk vokalgruppe innan rhythm and blues/rock and roll som hadde ei rekkje hittar seint i 1950-åra. Frå og med «Searchin'» og «Young Blood», vart dei mest kjende songane deira skrivne av låtskrivarduoen Leiber og Stoller.[1] Sjølv om The Coasters oppstod utafor doo-wop, vart innspelingane deira så ofte imiterte at dei vart ein viktig del av doo-wop-arva gjennom 1960-åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Coasters vart skipa i oktober 1955 d berre to av The Robins var villige til å gå til Atlantic Records. Desse to vart kalla The Coasters fordi dei drog frå vestkysten til austkysten. The Robins var ei rhythm-and-blues-gruppe frå Los Angeles som inkluderte Carl Gardner og Bobby Nunn. Det originale Coasters bestod av Gardner, Nunn, Billy Guy, Leon Hughes (som vart erstatta av Young Jessie på eit par av dei tidlege innspelingane deira i Los Angeles) og gitaristen Adolph Jacobs. Jacobs slutta i gruppa i 1959.[2]

Låtskrivarduoen Jerry Leiber og Mike Stoller starta Spark Records og i 1955 produserte dei «Smokey Joe's Cafe» for The Robins[1] (den sjette singelen deira med Leiber og Stoller). Innspelinga var populær nok til at Atlantic Records tilbaud Leiber og Stoller ein sjølvstendig produsentkontrakt for å produsere The Robins for Atlantic. Berre to av medlemmane i The Robins - Gardner og Nunn - ønskte å dra til Atlantic, og spelte dei første songane inn i det same studioet som The Robins hadde gjort (Master Recorders). Seint i 1957 flytta gruppa til New York og erstatta Nunn og Hughes med Cornell Gunter og Will «Dub» Jones. Den nye kvartetten var frå då av stasjonert i New York, sjølv om dei hadde røter i Los Angeles.

Kombinasjonen av The Coasters og Leiber og Stoller vart ein umiddelbar suksess. I lag skapte dei ei rekkje godmodige «historiar» som vart store rock and roll-hittar.[1] I følgje Leiber og Stoller måtte dei ofte gjere fleire opptak enn vanleg for å få humoren til å kome gjennom innspelingane.[1]

Den første singelen deira, «Down in Mexico», var ein R&B-hit i 1956 og finst (i ei nyinnspeling frå 1973[3]—framleis med Gardner på vokal) for filmmuusikken til Quentin Tarantino-filmen Death Proof. Året etter kryssa The Coasters over til poplista med den doble A-sida «Young Blood»/«Searchin'». «Searchin'» var den første hitten til gruppa på Topp 10 i USA og han toppa R&B-lista i 13 veker og vart den største R&B-singelen i 1957.

«Yakety Yak» (spelt inn i New York), med King Curtis på tenorsaksofon, omfatta den kjende besetninga med Gardner, Guy, Jones og Gunter, og vart den einaste førsteplassen i landet or gruppa, då dei toppa R&B-lista. Den neste singelen, «Charlie Brown», nådde andreplassen på begge listene. Denne vart følgd opp av «Along Came Jones», «Poison Ivy» (på toppen av R&B-lista i nesten to månader), og «Little Egypt (Ying-Yang)».

Endrar i den musikalske smaken til folk og endringar i besetninga til gruppa førte til mangel på hittar utover i 1960-åra. På denne tida arbeidde Billy Guy òg med solokarrieren sin. New York-songaren Vernon Harrell vart henta inn for å erstatte han på scenen. Seinre medlemmar var mellom andre Earl «Speedo» Carroll (frontmann i The Cadillacs), Ronnie Bright (bassrøyst på Johnny Cymbal sin «Mr. Bass Man»), Jimmy Norman og gitaristen Thomas «Curley» Palmer. The Coasters fekk kontrakt med Columbia Records-etiketten Date i 1966, og byrja igjen å arbeide med Leiber og Stoller (som hadde slutta i Atlantic Records i 1963), men dei fekk aldri attende den gamle stordomen igjen. I 1971 hadde The Coasters ien mindre hit med «Love Potion No. 9», ein song Leiber og Stoller hadde skrive for The Coasters, men i staden for gav til The Clovers i 1959. I Storbritannia vart ei innspeling av «Sorry But I'm Gonna Have To Pass» nytta i ein reklamefilm for Volkswagen i 1994, noko som førte til at songen gjekk inn på singellista i landet.

I 1987 vart The Coasters den første gruppa som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, med medlemmane som var i bandet i 1958. The Coasters vart òg innlemma i Vocal Group Hall of Fame i 1999.

Fleire grupper brukte namnet i 1970-åra og turnerte landet over, men det var det originale medlemmet Carl Gardner som hadde retten til namnet. Gardner fortsette å turnere med The Coasters og gjorde fleire forsøk på å stoppe andre grupper som brukte namnet. Seint i 2005 tok sonen til Carl, Carl Gardner jr. over som frontmann i gruppa då faren pensjonerte seg. Besetninga i The Coasters bestod då av Carl Gardner jr., J. W. Lance, Primo Candelara og Eddie Whitfield. Carl jr. slutta seinare i gruppa og starta sitt eige band med Curley Palmer.[4] Enkja til Gardner, Veta, har i dag rettane til namnet The Coasters.

Leon Hughes er det siste overlevane medlemmet av det originale The Coasters og speler med si eiga gruppe. Somme av dei tidlegare medlemmane fekk ein tragisk lagnad. Saksofonisten King Curtis (den «femte Coaster») vart knivdrepen utafor leilegheita si av to dopmisbrukarar i 1971. Cornelius Gunter vart skoten og drepen i eit parkeringshus i Las Vvegas i 1990. Nate Wilson, eit medlem av Gunter si Coasters-gruppe, vart skoten og drepen i 1980.[5] Den tidlegare manageren Patrick Cavanaugh vart dømd for mordet på Wilson, som fann stad etter Wilson truga med å anmelde han etter Cavanaugh hadde tenkt å kjøpe møblar med stolne sjekkar. Cavanaugh fekk dødsdom for mordet i 1984, men dommen vart seinare omgjort til ein livstidsdom i fengsel. Han døydde 60 år gammal i 2006 i Ely State Prison i Nevada.[6]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

The Coasters sitt repertoar hadde ein stor innverknad på mange rockeartistar i 1960- og 1970-åra. Leon Russell spelte «Young Blood» på Concert for Bangladesh i 1971 og etterlikna arrangementet gruppa hadde brukt på songen med fire forskjellige solostemmer. Bad Company sin versjon av songen nådde 20. plassen på Billboard Hot 100-lista i mai 1976. Commander Cody and His Lost Planet Airmen spelte inn Robins sin «Riot in Cell Block Number 9». The Beach Boys spelte inn ein versjon med endra tekst av Mike Love, kalla «Student Demonstration Time», i 1971. Songaren Ray Stevens nådde 27. plassen på den amerikanske poplista i 1969 med ein versjon av «Along Came Jones». Elvis Presley song «Little Egypt (Ying-Yang)» i filmen Roustabout i 1964. Dei første to britiske hittane til The Hollies var «(Ain't That) Just Like Me» og «Searchin'». The Monkees nådde 10. plassen på Cashbox-lista med «D. W. Washburn». (The Coasters spelte han inn før, men då Date nekta å gje han ut, gav Lester Sill songen til The Monkees. Etter Monkees-versjonen vart ein suksess, vart The Coasters-versjonen gjeven ut.) Fleire Coasters-songar var ein del av repertoaret til The Beatles før dei slo igjennom som plateartistar. George Harrison var ein av songarane på den tidlegare nemnte Leon Russel-versjonen. The Grateful Dead spelte fleire av Coasters-songane tidleg i karrieren.

Coasters-hittar utgjorde ein stor del av musikken for musikalen Smokey Joe's Cafe frå 1994, som omhandla songane til Leiber og Stoller.

I tillegg er songane til Coasters eller badet sjølv nemnt av andre populære musikarar. Frank Zappa omtalte gruppa i teksten til songen «Status Back Baby» på det andre albumet hans, Absolutely Free. Sly Stone kalla debutalbumet til gruppa hans Sly & The Family Stone frå 1971 opp etter ei linje frå «Riot In Cell Block Number Nine»: There's A Riot Goin' On. Visesongaren David Bromberg siterte frå «Little Egypt (Ying-Yang)» i songen hans «Sharon» frå 1972.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • J. W. Lance – førstevokal, tiddlegare tenorvokal (juli 2001 til i dag)
  • Primotivo Candelaria – barytonvokal (oktober 2008 til i dag)
  • Robert Fowler – bassvokal (januar 2015 til i dag)
  • Dennis Anderson – tenorvokal (June 2011 til i dag)
Tidlegare medlemmar
(Medlemmar i Rock 'n' Roll Hall of Fame i utheva skrift.)

  • Carl Gardner – førstevokal (1955–2005)
  • Billy Guy – barytonvokal (1955–1973)
  • Bobby Nunn – bassvokal (1955–1957)
  • Leon Hughes – tenorvokal (1955–1957)
  • Adolph Jacobs – gitar (1956–1959)
  • Young Jessie – tenorvokal (1957; erstatning)
  • Will «Dub» Jones – bassvokal (1958–1967)
  • Cornell Gunter – tenorvokal (1958–1961)
  • Albert «Sonny» Forriest – gitar (1959–1961)
  • Earl «Speedo» Carroll – tenorvokal (1961–1979)
  • Thomas «Curley» Palmer – gitar (1962–2011)
  • Vernon Harrell – barytonvokal (1965–1967; erstatning)
  • Ronnie Bright – bassvokal (1968–2009)
  • Jimmy Norman – barytonvokal (erstatning 1969-1972; medlem 1973-1978, 1980–1997)
  • Alvin Morse – barytonvokal (1997–2008)
  • Carl Gardner, Jr. – tenorvokal (1997–2001 and 2004), førstevokal (2005–2011)
  • Eddie Whitfield - bassvokal (november 2009-desember 2015)

Studiomusikarar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1957 - The Coasters - Atco LP 33-101
  • 1959 - The Coasters' Greatest Hits - Atco LP 33-111
  • 1960 - The Coasters One By One - Atco LP 33-123
  • 1962 - Coast Along With The Coasters - Atco LP 33-135
  • 1965 - That Is Rock & Roll - Clarion LP 605
  • 1971 - Their Greatest Recordings: The Early Years - Atco LP SD33-371
  • 1972 - The Coasters On Broadway - King LP KS1146
  • 1975 - 16 Greatest Hits - Trip TOP LP 16-7
  • 1982 - Young Blood - Atlantic DeLuxe LP AD 2-4003

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Dato Titlar (A-side, B-side)
Begge sider frå same album utanom der anna er indikert
Beste plassering Album
Billboard Pop Chart[7] Cash Box Pop Chart Billboard R&B chart[8] UK Singles Chart[9] AUS
3/1956 «Down In Mexico»
med «Turtle Dovin'»
- - 8 - - The Coasters
9/1956 «One Kiss Led To Another»
med «Brazil»
73 - 11 - -
5/1957 «Young Blood» 8 15 1 - -
5/1957 «Searchin'» 3 7 1 30 19
11/1957 «Idol With The Golden Head»
med «(When She Wants Good Lovin') My Baby
Comes To Me» (on 50 Coastin' Classics CD)
64 - - - - That Is Rock & Roll
11/1957 «Sweet Georgia Brown»
med «What Is The Secret Of Your Success» (on 50 Coastin' Classics)
- - - - - The Coasters' Greatest Hits
2/1958 «Dance!»
med «Gee Golly» (on The Coasters On Atco CD)
- - - - - That Is Rock & Roll
6/1958 «Yakety Yak»
med «Zing! Went The Strings Of My Heart»
1 1 1 12 13 The Coasters' Greatest Hits
8/1958 «The Shadow Knows»
med «Sorry But I'm Gonna Have To Pass» (on 50 Coastin' Classics)
- - - - -
2/1959 «Charlie Brown»
med «Three Cool Cats» (on That Is Rock & Roll album)
2 2 2 6 20
5/1959 «Along Came Jones»
med «That Is Rock & Roll»
9 11 14 - 27
8/1959 «Poison Ivy» 7 9 1 15 19
9/1959 «I'm A Hog For You» 38 95 - - -
12/1959 «Run Red Run» 36 51 29 - 93 Coast Along
1/1960 «What About Us» 47 33 17 - 93
4/1960 «Bésame Mucho» (Part 1) med Part 2 (ikkje albumspor) 70 53 - - - 50 Coastin' Classics CD
6/1960 «Wake Me, Shake Me»
med «Stewball»
51 34 14 - - Coast Along
9/1960 «Clothes Line (Wrap It Up)» (ikkje albumspor) med «The Snake And The Book Worm» - - - - -
10/1960 «Shoppin' for Clothes»
med «The Snake And The Book Worm» (on Coast Along)
83 57 - - - Their Greatest Recordings: The Early Years
2/1961 «Wait a Minute»
med «Thumbin' A Ride» (on 50 Coastin' Classics CD)
37 42 - - - Coast Along
5/1961 «Little Egypt (Ying-Yang)»
med «Keep On Rolling»
23 30 16 - -
8/1961 «Girls Girls Girls» (Part II) (Hitside, ikkje-albumspor)
med Part I
96 98 - - -
10/1961 «Bad Blood»
med «(Ain't That) Just Like Me»
- - - - -
3/1962 «Teach Me How To Shimmy» (på 50 Coastin' Classics CD)
med «Ridin' Hood»
- - - - - Ikkje albumsspor
9/1962 «The Climb» (på That Is Rock & Roll)
med «The Climb» (Instrumental)
- - - - -
3/1963 «The P.T.A.»
med «Bull Tick Waltz»
- - - - -
3/1964 «T'Ain't Nothin' To Me»
med «Speedo's Back In Town»
64 73 20* - -
5/1964 «Bad Detective» (on 50 Coastin' Classics CD)
med «Lovey Dovey»
- - - - -
10/1964 «Wild One»
med «I Must Be Dreaming»
- - - - -
2/1965 «Lady Like»
med «Hongry» (on 50 Coastin' Classics CD)
- - - - -
5/1965 «Money Honey»
med «Let's Go Get Stoned»
- - - - -
10/1965 «Bell Bottom Slacks And A Chinese Kimono»
med «Crazy Baby»
- - - - -
3/1966 «She's A Yum Yum»
med «Saturday Night Fish Fry»
- - - - -
4/1967 «Soul Pad»
med «Down Home Girl» (på Young Blood)
- - - - -
6/1968 «She Can»
med «Everybody's Woman»
- - - - -
7/1968 «D.W. Washburn» (on Young Blood)
med «Everybody's Woman»
- - - - -
1969 «Act Right»
med «The World Is Changing»
- - - - -
12/1971 «Love Potion No. 9» (on Young Blood)
med «D.W. Washburn»
76 96 - - - On Broadway
1972 «Soul Pad»
med «D.W. Washburn»
- - - - -
4/1972 «Cool Jerk»
med «Talkin' About A Woman» («She Can» On Date)
- - - - -
8/1994 «Sorry But I'm Gonna Have To Pass»
med «Poison Ivy»
- - - 41 - The Very Best Of The Coasters


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Show 13 – Big Rock Candy Mountain: Rock 'n' Roll in the Late Fifties. [Part 3] : UNT Digital Library». Digital.library.unt.edu. 1969. Henta 15. februar 2018. 
  2. «Those Hoodlum Friends the Coasters». Angelfire.com. Henta 15. februar 2018. 
  3. «The Coasters - Little Egypt (Ying-Yang) / Down In Mexico». Discogs.com. 29. desember 2016. Henta 15. februar 2018. 
  4. Röhnisch, Claus. «The Coasters Web Site – Those Hoodlum Friends». Thecoasters.com. Arkivert frå originalen 2. februar 2001. Henta 15. februar 2018. 
  5. «The Coasters Website». Angelfire.com. Henta 15. februar 2018. 
  6. «News – Ex-Coasters Manager Dies at Ely State Prison». reviewjournal.com. 11. april 2006. Arkivert frå originalen 21. februar 2011. Henta 15. februar 2018. 
  7. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 139. ISBN 0-89820-155-1. 
  8. Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 38. 
  9. Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952-2004 (1st utg.). London: Collins. s. 92. ISBN 0-00-717931-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]