The Complaynt of Scotland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Complaynt of Scotland
Forfattar(ar)Robert Wedderburn
Språkmellomskotsk
Utgjeven1549

The Complaynt of Scotland er ei skotsk bok trykka i 1549 som propaganda under krigen kjend som Rough Wooing mellom Skottland og England. Det er eit viktig verk i høve til skotsk språk.

Boka var del av ein ordkrig mellom Skottland og England på 1500-talet. Engelsk politikk var retta mot at dronning Maria I av Skottland burda gifta seg med Henrik VIII av England sin son, Edward, seinare kong Edvard VI. Det blei gjeve ut engelske pamflettar som støtta ein slik union mellom dei to landa, og Complaynt var eit skotsk svar på desse.[1] Eit anna skotsk verk, ein dialog med ei liknande haldning, Ane Resonyng av William Lamb frå same periode, blei forlate utan å gjevast ut.[2]

The Complaynt er anonym, truleg på grunn av det farlege politiske innhaldet sitt. Han er blitt tillagt Robert Wedderburn, James Inglis og David Lyndsay,[3] med støtte Wedderburn som forfattar både i Scottish Text Society si utgåve frå 1979[4] og frå National Library of Scotland.[5] Verket blei tidlegare trudd å ha vore ei av dei fyrste bøkene til å bli trykka i Skottland, men ein trur no at det blei gjeve ut i Paris. Mykje av strukturen i boka, og noko av innhaldet, byggjer på det franske verket Quadrilogue-invectif av Alain Chartier, som også gjekk til åtak på England.[6]

Dedikasjon[endre | endre wikiteksten]

Complaynt var dedisert til Maria av Guise heller enn herskaren i Skottland på den tida, regent Arran. Dedikasjonsbrevet til Maria av Guise samanliknar henne med dygderike og heroiske kvinner som Valeria, dottera til Publius Valerius Poplicola, Cloelia, Lucretia, Penelope, Cornelia, Semiramis, Tomyris og amasonedronninga Penthesilea. Brevet viser også til bibelsogene om Esther og Haman og Judith og Holofernes.[7] Etter å ha nemnd fråveret til Maria Stuart fortel forfattaren om stamfaren hennar Godfrey de Bouillon, ein av dei ni verdige.[8]

Dame Scotia[endre | endre wikiteksten]

Sjølve boka inneheld ei blanding av forteljingar, klassiske legender, bibelsoger, ballader og allegoriar som legg vekt på Skottland si særeigenheit og løna for dygd og mot. Den sameinande strukturen er narrativet til Dame Scotia i dei siste tolv kapitla. Ho høyrer på klagene til dei tre sønene sine, Thrie Estaits eller dei tre stendene frå det skotske samfunnet, gjev dei støtte og klandrar etter tur dei geistlege, dei adelege og allmugen.

Dame Scotia opptrer for forteljaren i ein draum. Ho er ei frue av «ancient genealogy», med hår som har farge som fint gull, men er ruskete, medan gullkrona hennar er skildra som «like to fall down from her head to the cold earth.» Ho held eit skjold med ei raud ståande løve, men løva har fleire sår. Kleda hennar er laga på tre vis knytte til dei tre sønene hennar, brodert med edelsteinar frå adelen, gravert med våpen, brodert med åndelege tekstar og husdyr, avlingar, varene og reiskapane til handverkarar, kjøpmenn og bønder. Men dette gamle kledet har mange tap.[9]

Merlin[endre | endre wikiteksten]

Dei engelske verka dette var retta mot omfatta mellom anna heidenske profeti om Merlin, som skulle støtta eit sameint Storbritannia, medan Complaynt heldt seg til kristne ideal.

Monologue recreative[endre | endre wikiteksten]

Complaynt er ei viktig kjelde for folkediktinga kalla Border ballads, og inneheld den fyrste omtalen av kjende balladar som «Tam Lin», «Froggy would a-wooing go» og «The Ballad of Chevy Chase». Namna på desse songane og dikta blir attgjevne i kapittel 6, som har tittelen «Monologue Recreative». Dette er ein draumaktig sekvens som introduserer hovudforeljinga om 'Dame Scotia'. I Monologue Recreative skildrar forfattaren korleis han legg ned penne og går ut i ein vakke sommardag. Han høyrer gjetarar som snakkar om poesi og astronomi, og ser så eit skotsk krigsskip med mannskap og høyrer ropa deira.

Denne delen av teksten har eit maritimt vokabular og eit innblikk i sjømannskap på denne tida.[10] Complaynt er også eit viktig døme på mellomskotsk, og Oxford English Dictionary oppgjev Complaynt som den eldste kjelda for fleire ord, som axis, barbarian, buffoon, cabinet, crackling, decadence, excrement, heroic, humid, imbecile, moo, parallel, robust, suffocation, superb, timid og water-lily.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marcus Merriman, The Rough Wooings (Tuckwell: East Linton, 2002), s. 265-201.
  2. Lyall, Roderick J., red. (1985). Ane Resonyng. Aberdeen University Press. ISBN 0-08-030386-2. 
  3. Notes and Queries, vol. 1 no.26, (27 April 1850), p. 422
  4. Stewart, A. M., red. (1979). The Complaynt of Scotland. Edinburgh: Scottish Text Society. 
  5. Betteridge, Robert (Winter 2010). «Tracing 'a notoriously difficult title to acquire'». Discover (Edinburgh: National Library of Scotland) 17: 12. 
  6. Stewart, A. M. (1979) pp. xxi-xxiv.
  7. James A. H. Murray, The Complaynt of Scotlande (London, 1872), p. 2.
  8. James A. H. Murray, The Complaynt of Scotlande (London, 1872), s. 3-4.
  9. Complaynt, EETS (1872), pp. 68–70
  10. Murray, James A.H., red. (1872). The Complaynt of Scotland (1549). London: Early English Text Society. s. 40–42. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]