The ConstruKction of Light

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Construkction of Light
Studioalbum av King Crimson
Utgjeve 23. mai 2000
Sjanger Progressiv rock, progressiv metal, industriell
Lengd 58:18
Selskap Virgin
King Crimson-kronologi
Heavy Construkction
(2000)
The Construkction of Light King Crimson Live in Mainz
(2001)


The ConstruKction of Light er det tolvte studioalbumet til det engelske bandet King Crimson, utgjeve i mai 2000 på Virgin.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det var det første studioalbumet til bandet utan Bill Brufordtrommer sidan utgjevinga av Lark's Tongues in Aspic (1973). Det er òg det første utan Tony Levinbass og Chapman Stick etter han kom med i bandet i 1981. Konseptet med ein dobbel trio som hadde spelt på platene deira i 1990-åra var no redusert til ein kvartett med Robert Fripp, Adrian Belew, Trey Gunn og Pat Mastelotto.

Musikalsk minnar albumet om 80-talsbesetninga, der Mastelotto hovudsakleg spelte elektriske trommer, og Belew, Gunn og Fripp ofte spelte sofistikerte, samanblanda delar, der Belew og Fripp ofte nytta kraftig forvrengde gitarlydar. Men tempoet var ofte meir langsamt enn i 80-talsstilen deira.

Albumet har òg spor av tidlegare tider, som ein oppfølgjar til det gamle stykket «Larks' Tongues in Aspic», som her er spelt inn som «Part IV». «FraKctured» byrja som den femte delen av «Larks», men vart seinare rekna som tettare til «Fracture», det siste sporet på Starless and Bible Black frå 1974, og fekk derfor nytt namn.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
PopMatters8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

AllMusic skreiv at bandet «fall til jorda med The ConstruKction of Light [...] Dei klarar ikkje å gjenskape tyngda i den ofte briljante historia si, og dei mest lovande augneblinka på ConstruKction vert kunst under denne tyngda. Det som skuffar mest med ConstruKction er at trass i kor 'progressive' det band-fragmenterte ProjeKct er på papiret, utføringa utelukkande eit tilbakeblikk på tidlegare tider.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

{{sporliste | alle songar = Adrian Belew, Robert Fripp, Trey Gunn og Pat Mastelotto

# Tittel Lengd
1. «ProzaKc Blues»   5:28
2. «The ConstruKction of Light»   5:49
3. «The ConstruKction of Light»   2:50
4. «Into the Frying Pan»   6:54
5. «FraKctured»   9:06
6. «The World's My Oyster Soup Kitchen Floor Wax Museum»   6:24
7. «Larks' Tongues in Aspic – Part IV»   3:41
8. «Larks' Tongues in Aspic – Part IV»   2:50
9. «Larks' Tongues in Aspic – Part IV»   2:36
10. «I Have a Dream» (Coda) 4:51
11. «Heaven and Earth» (som ProjeKct X) 7:46
iTunes-utgåva
# Tittel Lengd
1. «ProzaKc Blues»   5:28
2. «The ConstruKction of Light»   8:40
3. «Into the Frying Pan»   6:54
4. «FraKctured»   9:06
5. «The World's My Oyster Soup Kitchen Floor Wax Museum»   6:24
6. «Larks' Tongues in Aspic, Pt. 4»   13:03
7. «Heaven and Earth»   7:46
8. «Mastelotticus SS Blasticus» (Improvisasjon, 24. juni 2003 frå Centrale del Tennis i Roma) 10:38
9. «The ConstruKction of Light» (konsertopptak henta frå EP-en Level Five) 8:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The ConstruKction of FraKctured - from the diaries of Robert Fripp». Spaceward Records. Henta 26. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 Nickey, Jason. The ConstruKction of Light review AllMusic. Henta 26. oktober 2019.
  3. Moos, Dan. «King Crimson: The ConstruKction of Light». PopMatters. Henta 26. oktober 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]