The Crowd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Crowd
Singel av Roy Orbison
B-side «Mama»
Utgjeve Juni 1962
Innspelt 1962
Sjanger Poprock
Lengd 2:20
Selskap Monument 45-461
Låtskrivar(ar) Roy Orbison, Joe Melson
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi
«Dream Baby (How Long Must I Dream)»
(1962)
The Crowd «Evergreen»
(1962)


«The Crowd» er ein song skriven av Roy Orbison og Joe Melson, og spelt inn av Orbison i 1962. Han gav han ut som singel med B-sida «Mama», skriven av Orbison, Melson og Ray Rush.

På «The Crowd» spelar Bob Moore's Orchestra & Chorus, medan Jim Hall's Orchestra & Chorus spelar på «Mama».

Songen vart ikkje av dei største hittane til Orbison, og nådde berre 26. plassen på den amerikanske singellista sommaren 1962. Orbison syng på sitt mest operaaktige og eit klimaks som arrangøren Bob Moore slo ut av ein Rossini-opera[1] «The Crowd» byggjer seg opp frå ein nesten minimalistisk opning til eit kraftig crescendo. Dei første 20 sekunda av songen er ikkje noko meir enn stemma til Orbison og ein enkel akustisk gitar som spelar den same akkorden om att og om att.[1] På toppen av dette er teksten eksistensiell i all sin elende og tar i følgje Allmusic «aleine i menneskemassen»-temaet til eit nytt nivå.[1]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Waylon Jennings.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1961) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 26
UK Singles Chart 40
Australia 25
Canada 25

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]