The Crows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Crows
OpphavHarlem i New York i USA
Aktiv1951–55
SjangerRhythm and blues, doo wop
PlateselskapRama
MedlemmerDaniel «Sonny» Norton
William «Bill» Davis
Harold Major
Jerry Wittick
Gerald Hamilton
Mark Jackson

The Crows var ei USA-amerikansk R & B-vokalgruppe som fekk suksess i 1950-åra. Den første singelen og den einaste store hitten til gruppa var «Gee», som kom ut i juni 1953. Det er stundom blitt kalla den første rock n’ roll-hitten av ei rock and roll-gruppe.[1] Singelen nådde høvesvis 14. og andreplassen på pop- og rhythm-and-blues-lista til Billboard i 1954.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då The Crows byrja i 1951 med harmonisong ute på gata, var dei originale medlemmane Daniel «Sonny» Norton (solo), William «Bill» Davis (baryton), Harold Major (tenor), Jerry Wittick (tenor) og Gerald Hamilton (bass). I 1952 slutta Wittick i gruppa og vart erstatta av Mark Jackson (tenor og gitarist).[1]

Dei vart oppdaga på eit talentshow på Apollo Theater av Cliff Martinez og dei møtte den sjølvstendige produsenten George Goldner, som nettopp hadde starta det vesle selskapet Rama Records.[2] The Crows var den første gruppa som fekk kontrakt og den første som spelte inn musikk for selskapet. Dei første songane dei spelte inn var som korvokal for songaren Viola Watkins. Songen «Gee» var den tredje songen dei spelte inn under den første innspelinga si, den 10. februar 1953. Han vaart sett saman på få minutt av William Davis, men Watkins vart òg oppført som medlåtskrivar.[3]

Songen vart først gjeven ut som B-sida til balladen «I Love You So». Men radiostasjonane likte best B-sida og spelte «Gee» i staden, først i Philadelphia og seinare i New York og Los Angeles. Innan januar 1954 hadde singelen selt 100 000 og i april gjekk singelen inn på listene.[3]

The Crows fekk berre denne eine hitten og vart ein «one-hit wonder». Medan «Gee» låg på listene, gav plateselskapet ut ei rekkje andre singlar med bandet, som «Heartbreaker,» «Baby» og «Miss You», ingen selde godt. Dei mislukka singlane og at dei ikkje klarte å kome saman ofte nok til å halde konsertar til støtte for singlane, gjorde at gruppa vart oppløyst få månader etter «Gee» ramla ut av listene.[4][5] Gerald Hamilton døydde i 1960-åra, og Daniel Norton i 1972.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Warner, Jay, American Singing Groups: A History from 1940 to Today (2006), published by Hal Leonard Corporation, at page 137
  2. Fox, Ted (1993). Showtime at the Apollo (2nd utg.). New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 116. ISBN 0-306-80503-0. 
  3. 3,0 3,1 Jim Dawson, & Steve Propes (1992). What Was the First Rock'n'Roll Record. Boston & London: Faber & Faber. s. 124–127. ISBN 0-571-12939-0. 
  4. «The Crows». history-of-rock. Henta 17. november 2006. 
  5. J. C. Marion, DooWop Nation issue #7, arkivert frå originalen 28. oktober 2009, henta 13. februar 2018 
  6. Warner, Jay, American Singing Groups: A History from 1940 to Today (2006), published by Hal Leonard Corporation, at page 139

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]